Den framlagte fotodokumentasjonen viser ein slåande likskap mellom dei vikingkledde festdeltakarane og hovudpersonane i teikneserien om Hårek den hardbalne. Hendingsgangen vidare er også som ei levandegjering av det same, skriv Steinar Velle, sorenskrivar i Sogndal, i ein fersk dom frå Indre Sogn tingrett.

Den 27 år gamle lokale Hårek utkledd som viking, stod tiltalt for vald i samband med tumultane etter at han ikkje kom inn på ei Halloween-feiring på utestaden Meieriet i Sogndal.

Vikingen hadde lagt mykje arbeid i kostymet sitt, og likte dårleg at folk i køen slo på hjelmen og knuffa.

I basketak med ein annan køståar gjekk Hårek i veggen og fekk kostymet øydelagt.

To vakter kom til, og den eine meinte å ha blitt slått av vikingen. Men tingretten meiner at den lokale vikingen må gå fri fordi det ikkje var godt nok prova at det var han som starta knuffinga. Han må likevel betale ei bot på 2000 kroner for drukkenskap.