Ho reiser direkte tilbake til hybelkollektivet i Hamretunet i Vieåsen etterpå. Ho skal etter planen møte på jobb klokka 07.30 neste morgon.

Laurdag kveld, kl. 23.30: Andre i hybelkollektivet registrerer at Anne Slåtten går inn på rommet sitt.

Natt til søndag, kl. 03.30: Ho mottar telefon frå kjærasten sin, som på dette tidspunktet er på veg inn til Stavanger. Samtalen er ifølgje politiet avtalt på forhand, og ho skal ikkje ha gjeve uttrykk for noko unormalt.

Søndag morgon, kl. 06.30: Ein av dei andre beuarane i kollektivet registrerer at nokon i bygget tar ein dusj.

Søndag morgon, kl. 07.30: Anne Slåtten uteblir frå jobb ved Førde Helsetun.

Søndag ettermiddag, kl. 16.10: Politiet får inn den første meldinga om at ho er sakna.

Søndag kveld, kl. 18.30: Leiteaksjonen startar, og pågår fram til klokka 04 natt til måndag. Seksti hjelpekorps-medlemmer, fire hundelag og åtte politifolk deltek.

Søndag kveld og natt: Politiet prøver fleire gonger å ringe Anne Slåttens mobiltelefon. Telefonen ringer, men ingen svarer.

Mandag morgon, kl. 09.00: Leiteaksjonen startar opp igjen på nytt, med rundt 30 mannskap.

Mandag formiddag, kl. 10.00: Politiet i Førde ber om bistand frå Kripos.

Mandag, kl. 12.00: Anne Slåttens foreldre og kjæraste kjem til sjukepleiarhøgskulen i Førde.

Mandag, kl. 12.20: Politiet finn Anne Slåtten død i eit skogholt like ved Angedalsvegen, etter tips frå ein tilfeldig forbipasserande. Politiet sperrar staden av i påvente av Kripos som skal stå for åstadgranskinga.

Mandag ettermiddag, kl. 15.45: Pressekonferanse på lensmannskontoret i Førde. Politiet opplyser at eit vitne har høyrt ei kvinne skrike fleire gonger ved funnstaden søndag morgon. Alle ressursar er sett inn i den taktiske og tekniske etterforskinga.

Mandag kveld, kl. 18.15: Fem etterforskarar frå Kripos og ei rettsmedisinar kjem til Førde for å bistå i etterforskinga. Granskinga av åstaden startar same kveld.