OVE ARNE OLDERKJÆR

Reisetida i bil mellom Vestlandets to største byar er alt redusert frå over seks til fire og ein halv time, og skal krympast ytterlegare ein time og to.

Gårsdagens opning av nyetraséen forbi flaskehalsen ved Uføro på Stord er starten på ei langsiktig opprusting av dagens tvilsame europavegstandard nordover mot Bergen.

Sakte men sikkert

Enno vil det gå år og dag før ferjekøar og trafikkfarlege, fartsreduserande innsnevringar er eliminerte. Men forholda er sakte men sikkert i betring.

Vegvesenet har alt så smått starta den vidare utbetringa av E 39 nordover Stord og Fitjar mot Sandvikvåg ferjekai.

I stigninga frå Nesttun til Kirkebirkeland er det gjort store utbetringar, og for tida blir flaskehalsen ved Kaland fjerna.

I Os er det tydelege spor i landskapet etter arbeidet med traséen Moberg — Svegatjørn, som etter opninga neste haust vil avlasta Osøyri med ein gjennomgangstrafikk på rundt 3000 bilar. Den 3,2 km lange strekninga blir 1,4 km kortare enn dagens gjennom sentrum.

Gassferjer neste

Neste reisetidskutt kjem i 2007 når nye gassferjer blir sette i drift mellom Mortavika og Arsvågen og Sandvikvåg - Halhjem. Sistnemnde samband får kryssingstida redusert frå 50 til 30 minuttar.

Deretter er det å venta heilt til 2010 - 2012, når traséen Svegatjørn - Rådal blir ferdig. Den siste, 13 km lange fartsetappen inn til Bergen får fire felt, i hovudsak i tunnel.

Ikkje før enn ein gong mellom 2015 og 2020 er det håp om at Stavanger - Bergen kan køyrast ferjefritt. Ein 24,5 km lang tunnel under Boknafjorden (Rogfast) er på teiknebrettet, likeeins bru over Langenuen (Tysnesbrua) og innkorting av ferjereisa til Halhjem.

Så spørst det om resten av den ferjefrie vegen skal gå via Eikelandsosen og Bogøy til Os, eller om fitjarbuar og austevollingar vinn fram med sitt ønskje om ein ytre E 39-trasé med tunnelar under Selbjørnsfjorden og Korsfjorden.

KNUT HJORTLAND (kart)