EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Saka kunne ikkje førast utan at dei to er til stades, og retten bestemte difor at paret i 30-åra skulle pågripast av politiet.

— Eg hadde ei møteavtale med kvinna fredag etter lunsj, men ho møtte ikkje. Eg har prøvd å få tak i henne seinare, utan å lykkast, sa Odd Drevland, forsvarar for barnemora, i retten.

Heller ikkje farens forsvarar, Jostein Alvheim, hadde vore i kontakt med klienten sin sidan sist torsdag.

Frykta rettssaka Drevland opplyste at kvinna, som har mista fire barn - to av dei i krybbedød - i perioder har vore svært nedbroten på grunn av den alvorlege tiltalen, og at ho har frykta mediekøyret i samband med rettssaka.

Foreldreparet frå Bergen risikerer opp til seks års fengsel dersom dei blir funne skuldige etter den alvorlege tiltalen. Dei var først sikta for forsettleg drap på jenta, men dette var gjort om av Riksadvokaten til å gjelde grov omsorgssvikt med døden til følgje.

Nektar skuld Babyen vart funnen død i senga si i april 1999. Obduksjonen viste at ho hadde knusingsskader i hovudet, fleire beinbrot og lungebetennelse, og påtalemakta meiner foreldra sjølve har påført henne skadene.

Paret nektar all skuld, og kan ikkje forstå korleis skadene har oppstått.