Det melder NRK Sogn og Fjordane

Politikaren er tidlegare dømd for fyllekøyring. Då måtte han sone 21 dagar i fengsel og betale 45.000 kroner i bot.

Tysdag 3. oktober 2006 må mannen på nytt møte i Fjordane tingrett, no tiltalt for valdtekt. Det er sett av tre dagar til saka, og verken tiltalte, forsvararen Walter Høivik eller statsadvokaten vil kommentere innhaldet i den alvorlege tiltalen.

Episoden skal ha skjedd i 2005, og NRK Sogn og Fjordane veit at politiet først la vekk saka etter å ha etterforska politimeldinga om valdtekt. Men etter ein klage vart det starta ny etterforsking og no har altså statsadvokat Jogeir Nogva teke ut tiltale for valdtekt.

Ordførar Bente Frøyen Steindal var ikkje orientert om tiltalten. Det var heller ikkje gruppeleiaren for bystyregruppa til politikaren.