Etter det Bergens Tidende forstår, vil påtalemakta også legge ned påstand om at vedkommande blir frådømt stillinga som lærar. Politiet har bestemt at tiltalebeslutninga mot mannen skal haldast unna offentleggjering, og grunngjev dette med at heile eller deler av rettssaka mot mannen vil bli ført bak lukka dører i Indre Sogn heradsrett. Korkje aktor, politiinspektør Sissel Kleiven, eller mannens forsvarar, advokat Halvor Thurn-Basberg, ønskjer å kommentere saka.

— Eg kjem til å be om at mest mogeleg av rettssaka blir ført for lukka dører, seier Thurn-Basberg til Bergens Tidende. - Ut over dette har eg ingen kommentar før dommen ligg på bordet.

Men det er klart at læraren, ein mann i 50-åra, er tiltala for overgrep mot ein mindreårig under 16 år. Påtalemakta meiner overgrepa har skjedd under særleg skjerpande omstende, noko som medfører at strafferamma blir på inntil seks års fengsel.

Slike skjerpande forhold kan ha samanheng med at tiltalte har misbrukt stillinga si i samband med dei utuktige handlingane, eller at han har misbrukt eit nært tillits- eller avhengighetsforhold mellom seg sjølv og fornærma. Aktor Sissel Kleiven ønskjer ikkje å kommentere dette før rettssaka.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, meiner påtalemakta at det straffbare forholdet har pågått over lengre tid.

Dommarfullmektig Gunnar Hæreid skal administrere straffesaka mot mannen, og har sett av to dagar til rettsforhandlingane.