No kan avsendaren, ein jamnaldring frå Eid, vente seg eit opphald bak murane etter at mottakaren politimelde saka.

Da hadde vedkommande også truga han pr. telefon, der han ifølgje tiltalen sa at han skulle få nokon til å knekke handa hans.

Bakgrunnen for trugsmåla var at avsendaren meinte at det var mannens skuld at han tidlegare var blitt tatt og bøtelagt for hasjrøyking.

I politiavhøyr skal avsendaren ha sagt at han ikkje meinte å gjere det han sa i trugsmåla.

Politiinspektør Terje Gjertsen meiner det er all grunn til å tru at mobiltelefonen i stadig større grad blir brukt til trugsmål, særleg blant ungdom. Men konsekvensen kan bli verst for den som trugar.

— Mobiltelefonen er ein relativt ny kanal å framsette slike trugsmål gjennom, men i prinsippet er ikkje mediet avgjerande, seier Gjertsen.

— Det er nokså klar rettspraksis på at trugsmål av ein viss styrke kvalifiserer til fengsel utan vilkår.

Grove trugsmål har ei øvre strafferamme på opptil tre års fengsel. Saka er beramma for Nordfjord tingrett 28. mai.