I midten av juli i år gjekk den 31-årige kvinna og sambuaren av på ein busstopp på Bryggja i Vågsøy kommune.

Her skal kvinna ifølgje tiltalen ha blitt påført omfattande hovudskader, og blitt liggande utan å kunne ta vare på seg sjølv.

Først morgonen etter varsla sambuaren om det som hadde skjeddd, men då var kvinna så hardt skadd og nedkjølt at livet ikkje stod til å redde.

Påtalemakta meiner at den 37 år gamle sambuaren har slått eller sparka kvinna i hovudet og kroppen fleire gonger. På denne måten påførte han henne store hovudskader, meiner statsadvokaten, og vidare at han let henne bli liggande medvitslaus ute i den kalde natta.

Kvinna døydde nokre timar seinare av skadene. Mannens forklaring har heile tida vore at dei begge var overstadig rusa, og at kvinna fall og slo seg.

Etter å ha sove ei stund i busskuret bar han sambuaren heimover kortaste vegen gjennom skogen. Men undervegs sovna han på nytt, gjekk heim og skifta klede før han returnerte til sambuaren. Først da skal han ha innsett at ho var så hardt skadde at ho hadde behov for hjelp.

37-åringen er tiltalt for lekamskrenking med døden til følgje, der strafferamma er åtte års fengsel. Statsadvokat Bjørn Stoknes opplyser ifølgje NRK Fylkesnytt at saka kjem opp i Nordfjord tingrett til neste år.