PER MARIFJÆREN

Dermed må Nordfjord-kvinna i 20-åra møte for Fjordane tingrett, tiltalt for grovt underslag av til saman 167.000 kroner.

Pante-underslaget frå Shell Måløy Bilistcenter AS skal ifølgje påtalemakta ha pågått over eit knapt år før det vart oppdaga, frå februar 2003 til januar 2004. Kvinna har ikkje tilstått det grove underslaget ho er tiltalt for.

— Ho stiller seg uforståande til dette, og erkjenner følgjeleg heller ikkje straffeskuld, seier forsvararen hennar, advokat Per Kjetil Stautland.

Men politiet meiner dei kan føre bevis for at det er den tiltalte kvinna som står bak.

— Vi meiner ho har tasta inn mottatt pant på kassaapparatet, utan at nokon har levert inn panteflasker eller boksar. Deretter har ho tatt summen ut i kontantar, seier politiadvokat Ivar Kåre Iversen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Iversen opplyser at dei vil bruke både overvakingskamera, kassalister og dei tilsette sine vaktplanar som bevis i retten. Maksimumstraff for grovt underslag er seks års fengsel.

— Blir tiltalte funnen skuldig av retten, ligg det i utgangspunktet an til ei fengselsstraff utan vilkår. Men slik omstenda er i denne saka, vil vi nok vurdere å krevje såkalla samfunnsstraff, seier politiadvokaten.

I rettssaka som skal starte 1. april er det også opna for at Shell Marketing AS kan krevje erstatning frå kvinna.