Ifølgje påtalemakta har den 42-årige Sunnfjord-mannen forsøkt å valdta sjukepleiestudenten før han drap henne.

Samlet har tiltalepunktene ei strafferamme på 21 års fengsel.

Dette framgår av tiltalebeslutninga, der det heiter at gjerningsmannen drog Anne Slåtten inn i eit skogholt i Angedalsvegen i Førde, heldt henne fast under sterk motstand, slo henne i ansiktet/hovudet eller dunka hovudet hennar i bakken, trakk ned brysthaldaren hennar og kyssa og/eller befølte brysta hennar og forsøkte å dra av henne buksene.

Påtalemakta meiner såleis at det dreier seg om eit overfall og valdtektsforsøk som enda i drap på grunn av den sterke motstanden gjerningsmannen møtte.

42-åringens forsvarar, advokat Ivar Blikra, seier til bt.no at han konstaterer at påtalemakta no opprettheld det synet dei har stått ved heilt sidan den dagen dei pågreip og sikta klienten hans i fjor haust.

— Dermed har dei no tatt ut ein tiltale som det ikkje finst bevismessig dekning for, seier Blikra, som ikkje vil utdjupe påstanden ytterlegare.

Ifølgje Blikra vil klienten heller ikkje når saka startar erkjenne straffeskuld, slik han har gjort heile tida som sikta i saka.

Ifølgje tiltalen skjedde drapet ca. klokka 07.20 om morgonen søndag den 6. juni i fjor. 42-åringen er også tiltalt for eit tlfelle av promillekjøring i juli 2004, ein dryg månad etter drapet på Anne Slåtten. Truleg vil han erkjenne straffeskuld for dette forholdet, opplyser forsvararen.

Rettsaka mot den no 42-årige sunnfjordningen skal starte i Fjordane tingrett i Førde den 31. januar.