I følgje tiltalen frå statsadvokaten blei den 19 år gamle folkehøgskuleeleven både mishandla og seksuelt misbrukt før drapet. Tiltalen skildrar ein kamp mellom dei to på internatrommet der Hedda Karterudseter budde. Den drapstiltalte skal mellom anna ha slått og/eller sparka henne i hovudet, han drog delvis av henne kleda og heldt ho fast.

Hashins advokat, Herman Hoff, seier til bt.no at han er overraska over at det er teke ut tiltale om fullbyrda valdtekt. Tiltalepunktet om forsettleg drap hadde han derimot rekna med ville komme.

Hashin har vedgått å ha tatt livet av Hedda Karterudseter på Sogndal folkehøgskule 28.oktober i fjor. I retten må ha no altså også svare for valdtektstiltale. Dei to tiltalepunkta har til saman ei strafferamme på 20 år. Rettssaka tek til i Sogndal måndag 25. april.

Les alt om Sogndal-drapet på vår samleside