Ifølgje dei to tiltalane mot nordfjordingen, den eine frå statsadvokaten i fylket og den andre frå politiet i Bergen, skal mannen både ha lagra barneporno heime hjå seg sjølv og i to tilfelle spreidd bilder vidare til ein person i Danmark.

På toppen kjem smugling av meir enn 7000 narkotiske tablettar frå Thailand, samt eige av eit ulovleg armbrøst, ein 50.000 volt elektrosjokkpistol, springkniv, kastestjerne, slåsshandske, kasteknivar, slagkniv og ei 12,7 mm mitraljøsepatron.

Politiet gjekk til aksjon mot mannen den 1. mars 2000, og fann då det dei meiner er barnepornografisk materiale lagra på harddisken i mannens pc, samt på CDROM-plater og diskettar. I tillegg kjem beslaget av det påtaemakta mener er ei lang rekke illegale våpen i varierande fasongar.

I tillegg har statsadvokaten tiltala mannen for å ha spreidd 29 barnepornografiske bilete pr. elektronisk post til ein person i Danmark. Dette skal ifølgje tiltalen ha skjedd 25. og 26 oktober 1999.

— Politiet fekk tips om denne saka frå utlandet, etter ei opprulling der, seier politiinspektør Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt. Så langt Kleiven kjenner til, har denne saka ikkje nokon direkte samanheng med den store opprullinga av barnepornografi i Norge siste veka.

Mannens forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland, seier til Bergens Tidende at politiet har brukt påfallande lang tid og ei rekke ulike juristar på å ta ut tiltale i denne saka.

— Min klient stiller seg heilt uforståande. Han meiner at dette slett ikkje dreier seg om barnepornografi, og at det uansett kun er ein forsvinnande liten del av materialet som kan vere tvilsomt, seier Stautland. – Det er snakk om nokre få bilder som kan stillast spørsmål ved. Like fullt har påtalemakta valt å tiltale mannen for å ha hatt eit ukjent tal barnepornografiske bilete heime hjå seg, og for å ha spreidd «ca. 29 barnepornografiske bilder via internett», som det står i tiltalen.

Vidare er mannen tiltalt for to forsøk på narkosmugling, begge frå Thailand.