I dag møter ein 60 år gammal mann frå Flora i Fjordane tingrett tiltalt for aktlaust drap på ein tre år yngre kamerat. Strafferamma i den spesielle saka er tre års fengsel.

17. oktober i fjor drog fire kameratar til bygda Store Høydalen i Flora kommune. Her eig tiltalte ein gard som han i praksis bruker som fritidseigedom. Dei fire hadde på førehand avtalt å kjøpe fem levande sauer på eit nabobruk. Desse skulle dei slakte på tiltaltes eigedom.

Lett på avtrekkjaren

Dyra blei henta og frakta til eigedomen til tiltalte. 60-åringen har ei fortid som aktiv pistolskyttar, og det var han som skulle avlive sauene. Til dette brukte han ein konkurransepistol av kaliber 22. Våpenet var ein automatpistol med magasin i skjeftet. Kaliberet er det same som blir brukt i mange skytemasker.

Alt gjekk normalt. Dei fem sauene vart avliva utan dramatikk. Det var då våpenet skulle avsikrast etter at siste sauen var skoten, at det gjekk gale. Skyttaren skulle ta ut ein patron som låg att i kammeret. I det han skulle ta til å gjere det, kom han på eitt eller anna vis bort i avtrekkjaren. Skotet gjekk av og trefte den tre år yngre kameraten i magen.

— Konkurransevåpen er svært lette på avtrekket. Det var også tilfellet med denne pistolen, seier politifullmektig Jørn Lasse Førde Refsnes som skal føre saka på vegner av påtalemakta i Fjordane tingrett.

Ikkje straffeskuld

Kameratane konstaterte raskt at situasjonen var alvorleg for kameraten. Den skadde blei send med luftambulanse til Førde sjukehus der han straks blei lagt på operasjonsbordet. Men like etter at operasjonen var over, døydde han.

I tillegg til tiltalen om aktlaust drap, meiner påtalemakta 60-åringen har gjort seg skuld i uforsiktig omgang med skytevåpen.

60-åringens forsvarar, advokat Ivar Eivind Hauge, seier mannen vil nekte straffeskuld når rettssaka tek til i morgon tidleg.

— Min klient meiner det som skjedde var eit hendeleg uhell, seier Hauge.

Etter skyteulukka braut 60-åringen saman, og det gjekk lang tid før han kunne avhøyrast av politiet.

— Han syns det som har skjedd er utruleg trist, seier Hauge.

I samband med rettssaka vil det også bli lagt ned påstand om erstatning til avdødes sambuar. Dei to hadde budd saman lenge og hadde to barn.

Det er sett av to dagar til saka, og sju vitne skal forklare seg for retten.