Politiet har tiltalt den omstridde forretningsmannen for å ha medverka til å forfalske over 100 norske vognkort, samt avstøypingar av ei rekke norske og utanlandske stempel.

Overfor Bergens Tidende hevdar mannen, som i ei årrekkje har budd i Spania, at han er utsett for eit komplott.

— Falske malar på pc-en

Det skal ha vore i samband med bytte av kontor i 2003 at 54-åringen sende eit flyttelass frå Spania til Noreg. Då Tollvesenet i Oslo undersøkte sendinga nærare, fann dei ei rekke gjenstandar som politiet meiner er brukt til omfattande dokumentfalsk. Blant anna to norske og ei rekke utanlandske offentlege stempel. Dei norske skal vere kopi av Vegvesenet sitt offisielle stempel og ein kopi av det offisielle norske Notarius Publicus-stempelet.

— Nokon som vil meg til livs har plassert ein bag med desse stempela oppi flyttelasset mitt. Deretter tipsa vedkommande Tollvesenet, seier mannen, som har operert frå Spania i snart 20 år.

Med ujamne mellomrom har han sidan tidleg på 90-talet vore gjenstand for medieomtale i Noreg.

Mannen har vore oppe i ei rekke rettslege tvistar og kontroversar. Han er av ein britisk domstol dømt til betale ein dansk bank over 100 millionar kroner etter ei svindelsak. På 90-talet var han sikta for omfattande spritsmugling. Blant anna. Men han er aldri blitt straffedømt i Noreg.

Våren 2003 slo norsk Høgsterett mannen personleg konkurs etter krav frå ein tidlegare forretningspartnar. Gjelda var då på nær 114 millionar NOK. Men bustyret fann ikkje ei krone til kreditorane, korkje i Noreg eller i utlandet.

- Vart truga

Men no meiner altså politiet at det er grunnlag for å dømme mannen for omfattande dokumentfalsk.

— På harddisken i 54-åringen sin pc fann vi malar til å produsere falske norske vognkort med. I avhøyr har han vedggått å ha medverka til å lage meir enn 100 vognkort. Han seier at han vart truga til å vere med på dette, seier politiadvokat Terje Gjertsen.

Han er aktor i saka som kjem opp for Fjordane tingrett 26. september.

I etterforskinga av saka har politiet blant anna gjennomført rettslege avhøyr av tiltalte. Her skal 54-åringen ifølgje politiet ha vedgått det vesentlege av dei faktiske forholda som ligg til grunn for tiltalen.

— Saka vår er ein bit av det som ser ut til å vere ei større etterforsking i Spania, seier Gjertsen. Norsk politi skal likevel ikkje ha initiert etterforsking i utlandet.

Etter det BT kjenner til, blei ei rekke personar pågripne av spansk politi i 2003 og 2004.

- Bilar forsvinn

Der skal falske vognkort ha blitt nytta på ulike måtar:

  • Avgiftsunndraging. Bileigarar tar med seg ein bil inn i Spania, men utan å registrere den slik dei er pålagd. I staden få r bilen ny identitet med falske norske skilt og vognkort. Dermed kan eigaren unndra avgifter.
  • Stakk frå gjeld. Bilar kjøpt på avbetaling « forsvinn» frå Noreg. Dei dukkar så opp i Spania med falsk identitet. Deretter blir dei selt av eigaren, og så registrert i Spania.
  • Stålne bilar. Stolne bilar frå andre land får ny, norsk identitet gjennom falske vognkort og skilt og så registrertDet er uvisst i kva grad denne spanske bilsvindelen vil bli knytt opp mot den tiltalte spania-nordfjordingen når rettssaka startar i Fjordane tingrett 26. september.