Ein 28-årig mann frå Litauen er tiltalt for å ha skote ein arbeidskollega frå Polen i brystet og venstre kne sist sommar.

Episoden skjedde på deira felles bustadadresse ein grytidleg søndagsmorgon seint i juli, då fornærma og tiltalte ikkje klarte å bli samde om korvidt høg musikk burde vere av— eller påslått i husværet. Det heile enda ifølgje tiltalen med at litauaren fann fram ein revolver ladd med gummikuler og fyrte av fire skot i retning polakken.

To av skota trefte. Kulene gjekk gjennom huda og måtte litt seinare opererast ut ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. 28-åringen er også tiltalt for å ha skaffa seg skytevåpenet utan politiløyve, og for å ha røykt hasj kvelden før skyteepisoden.