Den 23 år gamle postmannen er tiltalt av statsadvokaten i Hordaland for uaktsom køyring med personskade til føllgje, skriv VG Nett.

Strafferåmma er tre års fengsel.

Enkel forklaring

Det herskar liten strid om kva som skjedde i forkant av ulukka. Postboden gløymde å setje på handbrekket på bilen då han parkert i ein skråning i Skjold.

Resultatet vart at 63 år gamle Asbjørn Ellingsen kom i klem mellom postbilen og ein parkert traktor. Dette førte til at han måtte amputere begge beina over knehøgde. Ein annan person vart lettare skadd i ulukka.

Forsvararen til postmannen, Tarjei Hovland, seier at han ser fram til å leggje saka bak seg. Etter å ha hatt tunge stunder etter ulukka går det bedre med han no.

— Han har eigentleg hatt det greit, og han er glad for at Ellingsen har tatt det såpass godt som han har. Og så er det ikkje vanskeleg for oss å førestille oss om at det er ein tung situasjon å vere i.

— Korleis har det vore for han å vente over eitt år på tiltale?

— Sånn som eg tenkjer er dette lenge å vente sidan det er ei såpass ukomplisert hending. Eg trur dei fleste vil vere interessert i å få ei slik sak bak seg så fort som mogleg, seier Hovland, som trur ventetida kan vere ein fordel for klienten når saka kjem opp.

Trur på låg straff

Sjølv om strafferamma er tre år, trur forsvararen det er lite truleg at straffa blir så høg.

— Den strengaste straffa vil han nok ikkje forvente seg, men noko meir kan eg ikkje seie så mykje om.

Ellingsen vart hedra av legane som amputerte beina hans. Under legane sin årlege hockeykamp i mars i år var han heidersgjest på banen.

— Året har vore veldig annleis enn eg hadde sett for meg. Eg har hatt dårlege dagar, men med hjelp av galgenhumor og god tilrettelegging har eg takla overgangen bra. No har eg flytta heim og kan køyre bil, fortalte Ellingsen til BT.

Ellingsen vart nominert til prisen Årets bergensar av BA i fjor.

— Me sto og prata ein stund då ein postbil plutseleg kom mot oss nedover bakken. Eg høyrte eit høgt smell og kjente raskt enorme smerter i beina, fortalte Ellingsen til avisa.

Ikkje bitter

Han gjorde det klart at han ikkje kjente noko bitterheit overfor postmannen.

— Eg har vore i kontakt med han, og synest det er viktig å få fram at eg ikkje klarar å bere nag, fortel Ellingsen til VG.

Sjølv om han har tilgitt 23-åringen, så meiner han det er riktig at det blir tiltale i saka.

— Dersom politiet meiner han har gjort noko straffbart, så er det også riktig at han må stå til ansvar for det. Det må eg få lov til å seie, sjølv om eg ikkje er bitter på han, seier Ellingsen.

Postmannen, som ikkje satt i bilen då ulukka skjedde, fekk umiddelbart førarkortet beslagtlagt av politiet.

ULYKKE I FANA: Ulukka skjedde midt inne i bustadområdet i Mårdalen i Skjold.
REMI PRESTTUN