Tre generasjonar av familien frå Vågsøy i Nordfjord var med i bubilen på veg heim frå konfirmasjonsselskap på Austlandet denne maidagen i 2002. Ved Stange i Hedmark gjekk det skikkeleg gale.

Mor (34) og son (12) omkom etter at bubilen skar over i motsett kjørefelt og kolliderte med ein møtande tankbil. Fem andre familiemedlemmer fekk skader av varierande alvorsgrad. Også tankbilføraren og ein person i ein tredje bil vart skadde.

Statsadvokaten i Hedmark og Oppland har tiltalt den 38 år gamle familiefaren som sat bak rattet for aktlaust trafikkdrap.

Ifølgje tiltalen utviste ikkje 38-åringen god nok aktsemd og varsemd i trafikken, og statsadvokaten meiner dette er årsaka til at bubilen kom over i motgåande kjørefelt. Der trefte han autovernet på si venstre side og kolliderte deretter med den møtande tankbilen. Bubilen var totalt smadra etter den kraftige kollisjonen.

Tiltalen er tatt ut etter den såkalla bildrapsparagrafen 239 i straffelova, og i tillegg paragraf 31 i vegtrafikklova.

Straffesaka startar i Hedemarken tingrett på Hamar 21. april, der politiadvokat Richard Røed skal vere aktor.

Overfor Fjordenes Tidende seier Røed det er uheldig at så lang tid er gått før saka kjem opp for retten.

— Saka tok lang tid ved det lokale lensmannskontoret, og den blei ikkje prioritert slik den skulle, seier han til avisa, men peikar samtidig på at dette forholdet skal kome tiltalte til gode i straffeutmålinga.

Mannens forsvarar, advokat Reidar Andresen, har ikkje ønska å kommentere saka.