Reiarlaget reagerte på tips om at den rutegåande båten skal ha brukt påfallande lang tid på å leggje til kai i Vik, med 40 passasjerar og seks bilar om bord.

Likevel finst det ingen handfaste bevis på at skipsføraren var rusa under overfarten, men politiet har tiltalt mannen etter lov om pliktmessig avhold.

Blodprøve vart tatt to timar etter overfarten, og viste at skipperen hadde 1,3 i promille. Både skipparen sjølv og kollegane hans har forklart at alkoholen vart innteke først etter at båten var lagt trygt til kai.

Skipperen hevdar at han var på veg til å sjukmelde seg då han vart pågripen, og at han ikkje skulle arbeide meir denne dagen. Han erkjenner ingen straffeskuld, opplyser forsvararen hans, advokat Louis Anda.