Dei tilsette ved bokhandelen i Stryn reagerte på tiltaltes forbruk av lynlåsposar, og starta å telje. Utfrå dette har politiet rekna ut kor mange små plastposar dei tiltalte har kjøpt.

— Når vi mener at tiltalte har hatt befatning med åtte kilo amfetamin, så baserer vi oss på forbruket av lynlåsposar, sa statsadvokat Bjørn Soknes i retten i dag.

5300 plastposar

Politiet meiner tiltalte, mora og tiltaltes omgangskrets har brukt rundt 5.300 små lynlåsposar.

— Rundt 3.000 av desse posane har vi ikkje kontroll på gjennom beslag eller avhøyr. Vi reknar 1,5 gram pr. pose, og plussar dermed på rundt 4,5 kilo i tiltalkebeslutningen, sa Soknes.

Dermed vil ein sentral del av bevisføringa denne veka dreie seg om kor dei forsvunne lynlåsposane har blitt av, og om dei har blitt brukt i omsetnaden av ametamin.

— Vi veit at tiltalte alltid brukte slike posar, sa Soknes i retten.

28 dømt etter telefonavlytting

35-åringen frå Stryn som står tiltalt for befatning med over åtte kilo amfetamin hadde ein frenetisk aktivitet på mobiltelefonen.

Det har fått 28 personar domfelt så langt, sa statsadvokat Bjørn Soknes under si innleiing i straffesaka mot mannen som starta i Fjordane tingrett i Førde i dag.

Vinteren 2005-2006 registrerte politiet den mistenkte 35-åringens telefontrafikk over 76 dagar. I denne perioden hadde 35-åringen over 16.000 samtalar og sms’ar ut og inn, ei rekke av dei frå personar som var kjent for politiet frå tidlegare narkosaker.

Over 3000 samtalar

-Utfrå dette fekk vi rettsleg løyve til å avlytte telefonen hans. På 12 dagar i januar og februar 2006 hadde han over tre tusen samtalar, altså ein voldsom telefonaktivitet. Vi oppretta sak mot 28 av dei personane han hadde kontakt med, og samtlege av desse er no domfelt, sa statsadvokaten.

Både 35-åringen, mor hans og ein 31-åring sit på tiltalebenken i saka, som ifølgje politiet er den største narkosak i Sogn og Fjordane nokonsinne.

I RETTEN: Politiadvokat Knut Broberg (t.v.) og Statsadvokat Bjørn Soknes.
Per Marifjæren (MMS)