I følgje tiltalen blei kjærasten mishandla på det grovaste over fleire timar natt til 10. desember i fjor.

Då rettssaka tok til i Bergen tingrett presenterte aktor Jarle Golten Smørdal ei rekkje sterke fotografi tatt av kvinna dagen etter mishandlinga. Først vegra tiltalte seg mot å sjå bileta av kvinna med store sår i fjeset og blåmerke over heile kroppen. Men etter å ha blitt konfrontert av aktor, vedgjekk han å ha påført kvinna skadane.

– Det er nok eg som er årsaka til det meste av skadane. Eg beklagar det. Det er ikkje noko eg er stolt over, sa mannen.

– Var ikkje valdtekt

Kjærasteparet går saman på Børs Cafe den skjebnesvangre fredagskvelden før jul. Der møter kvinna ein kamerat som ho kjem i prat med. Tiltalte blir sint, han kjeftar på henne og går til slutt. Kvinna forlet lokalet ei stund etter. Utanfor husværet møter ho att kjærasten. Dei to går saman inn, og mishandlinga tek til.

Om det som skjer etterpå sprikjer derimot forklaringane. Tiltalte hevdar kvinna gjekk ut eit par gonger i løpet av natta og kom tilbake. Kvinna, som også vitna i går, avviser dette. Ho forklarte at ho ikkje kom seg ut, tiltalte nekta henne. Først på morgonkvisten, då han sovna, greidde ho å komme seg inn til naboen.

59-åringen er også tiltalt for å ha valdteke kjærasten om natta, men dette nekta kvinna for i retten.

– Eg opplevde ikkje det som skjedde som noko valdtekt. Eg vil ikkje ha på meg at han blir dømd for det, sa kvinna.

Tidlegare dømd

Mannen har ei rekkje dommar frå før. Mest alvorleg er ein dom for årelang valdsbruk mot ein tidlegare sambuar. Då den tidlegare sambuaren gjekk frå han, tente mannen i sorg og sinne på husværet dei hadde budd i. I huset var det fire andre leilegheiter, og retten konkluderte med at berre flaks gjorde at ikkje liv gjekk tapt. Difor blei han dømd for mordbrann. Sjølv sat 59-åringen på fotballpuben då det brann.

Under rettssaka blei kvinna spurd om ho kjende til dette. Det stadfesta ho at ho gjorde:

– Men det var ikkje noko eg tenkte så mykje over, sa ho.

Påstanden kjem under morgondagens avslutning av rettssaka, men statsadvokaten har tidlegare sagt at dei vil be om forvaring. Årsaka er at påtalemakta meiner faren for at mannen skal gjere nye brotsverk er stor.