ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Kvantumet er tett oppunder den uoffisielle norske rekorden, sett av ein bergensar som vart dømt til fengsel i fire år og tre månader. Den 32 år gamle hordalendingen som no vert stilt for retten, er rekna som hovedmann i ein internasjonal spritliga. Han skal ha leia operasjonane frå utlandet, mest frå Brasil.Styresmaktene har lenge hatt mistanke til mannen. Dei har over 30 saker på han, dei eldste frå 1994. I februar i fjor vart det sett inn store ressursar på å sprenga ligaen. Rådet mot økonomisk kriminalitet har stilt såkalla ROK-pengar til rådvelde for eit samarbeid mellom Økokrim, Kripos, Interpol og lokale politieiningar.— Vi har arbeidt for å kunne utferda ei skuldgjeving til bruk for utleveringskrav overfor Brasil eller Spania, der han også har hatt opphald, men så vart han uforsiktig og vi kunne pågripa han i Sandefjord, seier politifullmekt John Skarpeid hjå Politiet i Halden til Bergens Tidende.Skarpeid har vore påtalemessig leiar for operasjonen.Han er tilfreds med at dei fekk sett 32-åringen i varetekt. Tidlegare har mannen fleire gonger glippe unna lovens lange arm. Ein gong rømte han frå sjukesenga, ein annan gong stal han ein av det danske tollvesenet sine eigne bilar, og stakk av.Rett etter pågripinga i august i fjor, vedgjekk han smugling av mindre enn 20.000 liter sprit, og nekta for alt det andre. Han avviste blankt rolla som leiar av spritligaen.Etter kvart har etterforskarane stabla opp bevis i saka, og til slutt fann 32-åringen det best å legga korta på bordet, og be om dom i forhøyrsretten.Dette kan medføra at den antatte hovedmannen kan få mildare straff enn sjåføren på ein av mange smuglarbilar. Ein sjåfør vart i haust dømt i Sverige til fire års fengsel. Straffenivået for smugling er lågare på norsk side av grensa. Øvre strafferamme er seks års fengsel.Av dei 120.000 liter sprit som mannen høgst sannsynleg vert dømt for torsdag, har ikkje ein einaste drope kome inn på den illegale norske marknaden. Partia har vorte stoppa undervegs, i Danmark, Sverige eller på norsk grensepost. Kor mykje ligaen kan ha lykkast med å smugla inn, veit ikkje styresmaktene.