Om morgonen 13. juli i fjor vart kvinna funnen sterkt forslått i eit skogholt ikkje langt unna buss-stoppet der paret natta før hadde gått av etter ei fuktig natt på pub i Eid sentrum.

Politiet har heile tida meint at det er 37-åringen sjølv som har slått eller sparka sin mangeårige sambuar, frakta henne inn i skogen og etterlate henne hjelpelaus der slik at ho seinare døydde av skadane.

Den 37 år gamle mannen stilte seg på si side uforståande til skuldingane, og i politiavhøyra kort etter hendinga nekta han for å ha brukt vald mot sambuaren. Han forklarte då at dei begge var overstadig rusa, og at kvinna måtte ha fått skadane etter å ha falle mot asfalten.

Rettssaka mot mannen startar i Nordfjord tingrett førstkommande måndag. Forsvarar Anders Folkman opplyser at klienten no har endra på si forklaring.

— Han erkjenner no straffeskuld etter tiltalen, opplyser Folkman.

Dermed er det klart at straffeutmålinga, og ikkje skuldspørsmålet ligg an til å bli det sentrale temaet i tingretten.

Slik Bergens Tidende forstår det, skal valden mot kvinna ha skjedd i busskuret like etter at bussen hadde kjørt vidare. Deretter har mannen bore den dødsskadde kvinna inn i skogen, forlate henne der og gått heim til deira felles bustad. Lege vart kontakta først morgonen etter.

Ikkje tiltalt for drap

37-åringen møter likevel ikkje ein regulær drapstiltale når han stiller i retten på Eid måndag morgon.

Statsadvokaten har valt å tiltale mannen for lekamsskading med døden til følgje, under særleg skjerpande omstende - med vekt på at handlinga har karakter av mishandling.

Påtalemakta legg til grunn at 37-åringen har slått eller sparka sambuaren gjentekne gonger i hovudet og kropp. Resultatet var at ho fekk store hovudskadar, brot i eine ankelen, brot på nasen og bloduttredningar på kroppen.

Deretter skal han, stadig i følgje tiltalen, ha drege og delvis bore henne rundt 300 meter unna og lete henne ligge medvitslaus utandørs i fleire timar utan å hente hjelp. Seinare same dag døydde kvinna som følgje av nedkjøling og hovudskadar på Haukeland sjukehus.

Mannen er i tillegg tiltalt for kjøp, sal og bruk av mindre mengder hasj.

Aktor i Saka blir statsadvokat Bjørn Soknes, medan sorenskrivar Gunnar Steintveit skal døma i Nordfjord tingrett.

FUNNE FORSLÅTT: Kvinna vart funnen sterkt forslått i eit skogholt ikkje langt unna buss-stoppet der paret natta før hadde gått av.<p/> ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM