— Min klient er innstilt på å erkjenne alt han greier å huske, slik at denne rettssaka ikkje blir noko større belastning for dei involverte enn strengt nødvendig, seier forsvararen hans, advokat Per Kjetil Stautland.

Det var blant anna som fotballtrenar for gutelag at mannen kunne begå ei lang rekke overgrep mot mindreårige. Det eldste forholdet i tiltalen er frå tidleg 90-tal, men påtalemakta meiner at mannen i også har utført fleire overgrep før denne tid. Desse forholda er strafferettsleg forelda, og derfor ikkje tatt med i tiltalebeslutninga.

— Han ønsker ikkje å nekte for det han er tiltalt for, og det vil truleg ikkje bli trong for omfattande vitneførsel rundt skuldspørsmålet, seier Stautland, som poengterer at dei verkeleg grove forholda er i mindretal i den omfattande tiltalen.

Likevel er tiltalen tatt ut med ei øvre strafferamme på 15 års fengsel. Nordfjord tingrett har sett av ei veke til rettsforhandlingane. 14 vitne skal førast, og tiltalte er blitt judisielt observert av to oppnemde psykiatrisk sakkunnige.

Aktor i saka blir statsadvokat Jogeir Nogva.

Den 41 år gamle mannen har samtykt i å sitje kontinuerleg varetektsfengsla etter at han vart pågripen i januar.

— Han erkjenner straffeskuld, og har i realiteten hatt lyst til å starte soninga før rettsaka kunne komme opp, seier advokat Stautland.