Haugesund

– Det er massevis av tillit som skal gjennoppbyggjast. Det kan gjerast gjennom fornuftige investeringar i Noreg, seier LOs fellestillitsvalte i Hydro, Billy Fredagsvik til Bergens Tidende.

15 Hydro-tillitsmenn og -kvinner var samla etter energikonferansen i Haugesund i går. Direktøropsjonane stod på dagsordenen.

– Vi diskuterte korleis vi skal halda fokus vidare i saka til Hydros beste. Vi er redde for å setja selskapet og arbeidsplassane i spel i prosessen, og vil ikkje ha tillit eller mistillit til leiinga og styret som tema vidare, seier Fredagsvik.

Han seier at tillitsmannskollegane gav han støtte for handlemåten i bedriftsforsamlinga måndag, der styre og konsernleiing blei freda.

Sterkt sinne

– Vi sette der fram krav om at opsjonane burde kuttast ytterlegare, utan å få gjennomslag, seier Billy Fredagsvik.

Hydro-arbeidaren frå Høyanger fortel om framleis sterkt sinne mot opsjonsavtalane rundt om på arbeidsplassane.

– Det er ei stor belastning for oss når ikkje konsernleiinga er meir audmjuk. Eg meiner og at styret burde ha prøvd å reforhandla opsjonsavtalane. Når det ikkje skjer er tilliten til styret óg svekkja, men det er ikkje snakk om mistillit, seier Billy Fredagsvik. Som meiner konstituert styreleiar Elisabeth Grieg er ein god kandidat som fast styreleiar i Hydro etter Jan Reinås.

Som elefanten

– ­Er du einig med statsråd Bjarne Håkon Hansen i at det som har skjedd rundt opsjonane i Hydro kan påverka lønsforhandlingane til våren?

– Ja, vi tek med oss i minnet det som har skjedd. Ei slik sak hugsar vi som elefanten, og i mai neste år er det hovudforhandling, seier Fredagsvik.

TILLITSSVIKT: Fellestillitsvalt Billy Fredagsvik håpar ny Hydro-satsing i Noreg kan gjenoppretta dei tilsette sin tillit til leiarane etter opsjonsbråket.