I gårsdagens utgåve av Bergens Tidende sa Helse Vest-direktør Herlof Nilssen at så vidt han visste var budsjettvedtaket i Helse Førde samrøystes.

— Alle dei fire tilsetterepresentantane røysta mot. Vi hadde attpåtil ein protokolltilførsel. Toppsjefen i Helse Vest veit tydelegvis ikkje kva som skjedde i budsjettprosessen i Helse Førde, seier tillitsvald Rune Larsen.

Larsen gjekk i går ut med sterk kritikk mot Helse Vest, mellom anna fordi han meiner dei skubbar frå seg sitt ansvar for den vanskeleg økonomiske situasjonen i Helse Førde. I følgje Larsen nekta Helse Vest føretaket i Sogn og Fjordane å gjere endringar i strukturen som kunne ført drifta i balanse. Styret vedtok deretter eit budsjett Larsen alt då karakteriserte som urealistisk. Helse Vest meinte derimot budsjettet var svært bra. Berre månader seinare kom dei første signala om budsjettsprekk.

Helse Vest-direktør Nilssen avviste kritikken med at dersom Larsen meinte det, måtte han ha røysta nei til budsjettet. Noko både Larsen og dei andre tilsetterepresentantane altså gjorde.

— Resten av svaret frå Nilssen meiner eg faktisk byggjer opp under min kritikk, seier Larsen.