Tidlegare denne månaden fortalde Bergens Tidende historia om korleis kommuneleiinga i Bremanger ville plassere sin eigen varaordførar i jobben som flyktningkonsulent. No er varaordføraren tilsett, utan at jobben har vore utlyst.

Må vere fast tilsett

Men i mellomtida har KFO (Kommuneansattes Fellesorganisasjon) engasjert seg, og saka kan dermed få eit høgst uventa utfall.

Overfor Bergens Tidende har ikkje ordførar Einar Kjerpeseth lagt skjul på at han ønskjer sin politiske medspelar, varaordførar Roar Førde, i jobben som flyktningkonsulent. Hadde ikkje Førde skifta jobb no, måtte han ha gitt opp si politiske karriere.

Dermed syntest det klart at Thorsten Schäffer, som dei fire siste åra har stått for flyktningarbeidet i kommunen på tidsavgrensa kontraktar, må slutte.

Men KFO, der Schäffer er medlem, meiner at han har stått så lenge i stillinga at kommunen er forplikta å tilby han fast jobb.

— Arbeidsmiljølova set grenser for kor lenge folk kan vere mellombels tilsett. Vi meiner at Schäffer må sjåast som fast tilsett i Bremanger kommune, seier organisasjonskonsulent Aud Lunde i KFO.

Ikkje KFO sitt problem

Dermed risikerer Bremanger kommune å ha forplikta seg til å gje stillinga til to personar: Varaordførar Roar Førde og den noverande flyktningkonsulenten Thorsten Schäffer.

— Det er ikkje vårt problem om kommunen oppdagar at dei har to flyktningkonsulentar, seier Lunde, som har bede om eit møte med Bremanger kommune i neste veke.

Slik KFO ser det, har Schäffer med sine fire år på mellombels kontrakt krav på fast tilsetjing. Skal kommunen seie han opp, må det skje etter lovverket som regulerer oppseiing av fast tilsette.

— Det er heilt andre krav som må oppfyllast dersom kommunen skal seie opp ein fast tilsett. Det må sakleg begrunnast, seier Lunde.

I første omgang nyttar KFO sitt regionale servicekontor i fylket overfor kommunen. Kjem ikkje partane til semje, vil organisasjonen kople inn sine juristar.

Utan konkurranse, utan utlysing

For nokre dagar sidan vart Roar Førde tilsett i stillinga, som no har endra namn til innvandrarkonsulent. Det skjedde utan utlysing eller konkurranse frå motkandidatar.

Ifølgje administrasjonssjef Tor-Kristian Gulhaugen i Bremanger kommune har varaordførar Roar Førde fått ny jobb som ledd i ei større organisatorisk omorganisering i kommunen. Samstundes må Gulhaugen stadfeste at Førdes gamle jobb som rektor vil eksistere også i framtida.

— Kvifor måtte kommunen skaffe Førde ny jobb når han kunne ha halde fram i den gamle?

— Eg skjønar at du vil spekulere i dette. Men det er faktisk god personalpolitikk å ta vare på folk som har jobba for kommunen i så mange år som Førde har, seier Gulhaugen.

No må kommunen møte KFO, som stiller med krav om at også den førre flyktningkonsulenten skal få halde fram.

— Vi får ta møtet med KFO, så får vi sjå kva som kjem fram der, seier Gulhaugen.