Dette er konklusjonen i ein rapport frå NINA, Norsk Institutt for Naturforsking. Tre biologar har på oppdrag frå Vegdirektoratet sett nærare på kva miljøtunnelar på Rv. 7 over Hardangervidda vil ha å seia for villreinen vinterstid.

— Men Rv. 7 og biltrafikken er ikkje åleine om å skapa ein barriere for villreinen på Hardangervidda. Ski- og fottrafikken mellom turisthyttene nord og sør for Rv. 7 skapar og ein barriere for villreinen. Difor meiner vi at miljøtunnelar må kombinerast med tiltak som regulerer ferdsla på ski og til fots i høve til dei kjende trekkrutene for villreinen, seier Olav Strand, som er ein av forskarane bak rapporten frå NINA.

Vinterstengt over Dyranut

Det er planane om bygging av Hardangerbrua som har fått miljøtunnelane over Hardangervidda inn på dagsorden. Hardangerbrua vil truleg føra til markert auke i trafikken over Vidda, både sommar og vinter.

Statens vegvesen har levert eit kart til NINA med fleire ulike forslag til tunnelar mellom Storli i vest og Ørteren i aust. Eit av alternativa som er teikna på kartet, er ein over 30 kilometer lang tunnel frå Storli og heilt til Haugastøl. Men ettersom ein slik tunnel er nær sagt utenkjeleg, har forskarane gått nærare inn på ein kombinasjon av kortare tunnelar.

Ein tunnel med innslag ovanfor Krossdalen og med utgang eit par kilometer før Halne kjem bra ut av vurderinga. Ein slik tunnel medfører vinterstengt veg forbi Dyranut, Tråstølen og Skiftesjøen. På den strekkja har villreinen fire kjende kryssingsruter.

Neste tunnel går inn rett aust for Halne fjellstove og kjem ut i nærleiken av Fagerheim. Den tunnelen vil frigjera to kjende kryssingsruter for villreinen. Ein to kilometer lang tunnel fram til Ørteren frigjer ei kryssingsrute.

Til Stortinget

Men framleis er det eit ope spørsmål om desse tunnelane nokosinne vert bygde.

— I neste veke skal vi ha møte i referansegruppa for dette utgreiingsarbeidet. Der vil vi leggja fram materialet frå NINA. Framover er det meininga å førebu ei sak for Samferdsledepartementet, som så vil ta saka om tunnelane på Hardangervidda vidare til Stortinget, seier Kjell Kvåle i Statens vegvesen, Region vest.

Det var Stortinget som i 2003 bad Samferdsledepartementet leggja fram ei sak om miljøtunnelar på Hardangervidda. Kvåle reknar med at departementet vil leggja fram ei sak for Stortinget i haust, i samband med framlegginga av statsbudsjettet.

  • Vi ventar då at Stortinget vil gjera vedtak anten om å gå vidare med saka, eller leggja ho bort, seier Kvåle.

Tunnel som «kvilerom»

Statens vegvesen tenkjer seg å starta med ein to kilometer lang tunnel under Dyrehei, eit stykke vest for Halne. Tunnelen vil liggja nokså nøyaktig midtveges mellom vegbommane på Storli og ved Haugastøl. I tillegg til å leggja fri ei kjent trekkrute for villreinen, vil tunnelen også tena som «kvilerom» for brøytemannskapa og gjera det lettare å organisera kolonnekøyringa over vidda vinterstid.

— Tunnelen under Dyrehei stemmer ikkje heilt med det opplegget som biologane hjå NINA tilrår. Kva tenkjer du om det?

— Det er klårt at dersom vi byggjer tunnelen under Dyrehei slik vi tenkjer oss det, så vil det leggja føringar for arbeidet vidare, seier Kjell Kvåle.

TOR SPONGA (grafikk)