Dette gjeld Leirvik Fyrstasjon og Nautøy i Stord og to badeområde på Gjerde i Samnanger. Marstein i Austevoll bør sikrast som kulturminne, men er lite eigna som friluftsområde, meiner fylkesmannen. Leirvik Fyrstasjon ligg på Midtøy rett utanfor Leirvik. Stord kommune har kjøpt eigedomen av Kystverket og søkjer om statleg støtte til å dekke halvparten av utgiftene til kjøp og opprusting. Nautøy mellom Stord og Bømlo er eigd av Verkstadklubben på Aker Stord.

Her er det søkt om å anlegge brygge og inngå avtale med Verkstadklubben om å bruke området som offentleg friluftsområde. Staten har i år sett av om lag 40 millionar til sikring av nye friluftsområde for ålmenta.