Fylkesrådmann Paul M. Nilsen vedgår at det han foreslår ikkje er det beste.

– Men i min stilling finn eg det rett å halda meg til det som fylkestinget har vedtatt. Fylkestinget har vedteke ei finansieringsramme for Jondalstunnelen som når opp i 822 millionar kroner (2009). Innanfor den ramma får vi ein tunnel som sparer Nordrepollen.

– Med tunnel i nord som sparer natur og landskap ville vi sprengt finansieringsramma. Det kan ikkje eg tilrå. Det får vera opp til politikarane å avgjera, seier fylkesrådmannen til bt.no.

**Les også:

Snill Jondalstunnel**

Viktig å velja rett Ordførar Sigrid Brattabø Handegard i Jondal er skuffa over tilrådinga.

– I denne saka er det viktig å velja rett. Derfor bør fylkestinget gå for lange tunnelen som går utanom både Nordrepollen og Torsnes. Den løysinga sparer landskap, dyrka mark og bumiljø. Og vi sparer oss for konflikter, seier Sigrid Brattabø Handegard til BT.

Artikkelen fortset under grafikken...

KOMBINASJON: Kartet viser dei to alternativa som er på val for Jondalstunnelen. Fylkesrådmannen foreslår no ein kombinasjon, der Jondalstunnelen startar i sør med den prikka lina og går utanom sjølve bygda Nordrepollen. Tunnelen går deretter over til den heiltrekte lina og endar mot Skipavik og Torsnes. Den løysinga vekkjer motstand i Jondal.

– Eg minner om at Jondal var med og forskotterte utbetring av veg fram mot den nye Årsnes ferjekai i Kvinnherad, seier Handegard.

Ho utfordrar og staten til å bidra med meir enn dei vel 50 millionar kronene som ligg inne i finansieringsplanen.

Fornuftig forslag Det kan likevel sjå ut som fylkesrådmannen si tilråding vinn fram i fylkestinget tysdag 9. Juni.

Framstegspartiet har kjempa drabeleg, både lokalt og på Stortinget, for å få bygt Jondalstunnelen. Leiaren i samferdsleutvalet, Gustav Bahus, Frp, synest likevel det er fornuftig av fylkesrådmannen å halda seg til den vedtatte finansieringsramma, sjølv om det set strek for den aller beste løysinga.

Bahus understrekar likevel at han ikkje har lest innstillinga når han uttalar seg, og at saka skal diskuterast grundig.

Nærmar seg tolegrensa Nils Olav Nøss, Ap sin samferdsletalsmann i fylkestinget, seier til bt.no at Jondalstunnelen no har vorte såpass dyr for fylket at det nærmar seg tolegrensa. Men han og lovar at alternativa skal sjekkast grundig.

Samferdsleutvalet får saka på bordet om morgonen, tysdag 9. Juni. Seinare same dag kjem fylkestinget saman, og då vert det endeleg vedtak.

Synspunkt? Sei di meining om saka her.

JAN RABBEN (arkiv)