— Vi får halda fram med å gleda oss over at det går bra, men vi får gleda oss med måte, sa Nilsen i talen sin då fylkestinget opna på Stord tysdag.

For første gong på snart ti år kan Hordaland fylkeskommune sjå anna enn raude tal på botnlina i rekneskapen. 65,5 millionar kroner i overskot etter at også gamle underskot er inndekte, er ei fjør i hatten for det borgarlege fylkestingsfleirtalet.

Nilsen minna i går tingets 57 medlemmer om at streng budsjettering dei siste åra har hatt sine negative sider som at den vidaregåande skulen har fått lite å rutta med til både bygningar og utstyr, likeeins har fylkesvegane vore sterkt nedprioriterte.

- Andre sine pengar

— Eit særleg problem er forskotteringane som er blitt trenden når ein ikkje har investeringsmidlar. Her har den sterke privatøkonomien ført til at vi stadig har investert for andre sine pengar med det resultatet at vi no har ei gjeld, i form av forskotteringar som skal tilbakebetalast, på godt over ein kvart milliard. Det er eit lån som ikkje har vore planlagt eller styrt, og fylkestinget bør etter mi vurdering drøfta kva som skal vera politikken på dette området i framtida, sa Paul M. Nilsen. Som også gav uttrykk for at fylket, i høve til manglane i skulesektoren, investerte vel mykje i sjukehusa på Voss, Stord, Haukeland og i Sandviken like før staten overtok dei for fire år sidan.

- Tøffe arbeidsvilkår

Mette Holmefjord Olsen i opposisjonspartiet SV sa etter fylkesrådmannens tale at det er lett å stemma i med at «Nu går alt så meget bedre», men også ho minna om at den økonomiske framgongen har kosta.

— Eg er ikkje sikker på om elevane i den vidaregåande skulen og fylkets tilsette er like nøgde over resultatet som oss. Det er tøffe arbeidsvilkår i heile fylkeshuset, det er minimumsløysingar i spesialundervisninga, og talet på elevar som sluttar aukar, sa Holmefjord Olsen.

Ifølgje fylkesrådmannen ligg Hordaland an til ein vekst i inntektene i år som i fjor.