Konsekvensutgreiinga for dobbeltspor Arna — Fløen (Bergen) viser få og ubetydelege negative konsekvensar. Dobbeltsporet gir stor samfunnsøkonomisk brutto nytte. Problemet er dei store kostnadene. Netto nytte/kostnad kjem ut i minus (- 0,24). Prislappen er på 775 millionar kroner, og anleggstida 4-5 år.

Jernbaneverket legg likevel vekt på at ein flaskehals på Bergensbanen blir fjerna, og kapasiteten aukar for så vel lokaltog som fjerntog og godstog. Eit grunnlag for vidare utvikling i Arna og langs Vossebanen blir lagt, noko som i neste omgang styrkjer trafikkgrunnlaget.

Godstoga slepp lettare fram.

Styrking av den kollektive nærtrafikken står sentralt i konsekvensutgreiinga. Eit kapasitetssterkt og sikkert togtilbod til Bergen jernbanestasjon reduserer presset i dei delane av byen der biltrafikken skaper dei største kapasitets- og miljøutfordringane.

Den nye tunnelen skal leggast kloss innåt dagens Ulriken-tunnel i heile lengda. Det skal lagast naudutgangar i fjellveggen mellom tunnelane. Skulle det oppstå brann eller ulykke i ein av tunnelane, kan den andre brukast som rømmingsveg, og tilkomst for redningsmannskap.

I utgreiinga vert det åtvara mot biltunnel gjennom Ulriken. Det vil redusera den samfunnsøkonomiske lønsemda for dobbeltsporet kraftig. Eit konkurrerande busstilbod gjennom biltunnelen vil redusera grunnlaget for persontransport på toget mellom Arna og Bergen. Vert lokaltoga lagt ned, kan det vera nok kapasitet med berre eitt spor.