— Med dei kostnadene for Jondalstunnelen som er dokumentert i konsekvensutgreiinga, KU, er det ikkje lenger grunnlag for bompengesøknad innanfor gjeldande finansieringsopplegg med tunnelen som fylkesvegprosjekt, skriv fylkesrådmann Paul M. Nilsen i sak til samferdsleutvalet.

Gjeldande finansieringsopplegg har ei kostnadsramme på 335 millionar kroner. Dette talet har både fylkestinget og Stortinget halde seg til inntil Statens vegvesen la fram KU i desember. Då fauk prisen opp til over 500 og 600 millionar kroner for dei ulike vegvala som stod på kartet.

Samd med vegvesenet

Fylkesrådmannen tek vegvesenet sine tal til etterretning, og går inn for den løysinga som Statens vegvesen held for den beste. Prisen der er 595 millionar kroner for 1. byggjetrinn og 717 millionar for full utbygging.

Samferdsleutvalet skal handsama saka torsdag 15. januar og gje tilråding vidare til fylkesutvalet.

— Dersom kostnadstala i KU vert ståande, er det klårt at Jondalstunnelen ikkje let seg finansiera som fylkesvegprosjekt. Men det er fylkestinget i juni som må avgjera dette spørsmålet, seier Paul M. Nilsen til bt.no.

Han legg til at dersom Jondal og Kvinnherad innan fylkestinget i juni greier å vedta reguleringsplanar for dei traseane dei vil gå inn for, kan tinget ta stilling til om det er grunnlag for å fremja saka til Stortinget med sikte på å få dei 50 millionane.

— Dersom fylkestinget slær fast at kostnaden for tunnelen er så stor at 50 millionar frå staten ikkje vil hjelpa, og at det ikkje er grunnlag for søknad om bompengar, så er vel Jondalstunnelen ferdig som fylkesveg, og må handsamast vidare som riksveg. Då rår vi til at Jondalstunnelen vert vurdert fullfinansiert i samband med handlingsprogrammet for Nasjonal Transportplan 2006-2015, seier Paul M. Nilsen.

Han opplyser at dette handlingsprogrammet skal opp i Vestlandsrådet våren 2005.

Prisendringar

Samstundes som fylkesrådmannen legg fram sak for samferdsleutvalet om Jondalstunnelen, kjem Statens vegvesen med ein del varsla endringar i KU. Nokre av endringane gjeld prisoverslaga. Der har 1. byggetrinn for det billegaste alternativet stige frå 502 til 508 millionar kroner. På den andre sida har prisen for vegvesenet si eiga tilråding gått ned frå 665 millionar til 595 millionar kroner for 1. byggetrinn.

Sigmund Riis hjå Statens vegvesen forklarar endringane med at nokre mindre tiltak har bytt plass mellom 1. og 2. byggetrinn. Ingenting er teke ut. Samla pris for 1. og 2. byggetrinn for dei to nemnde alternativa er dermed uendra.