28. februar døde nederlandske Dave Gardien og den ti år gamle dottera hans Anja i ei utforkøyring på E39 ved Ådland bru på Stord. Ved brua er det i dag høve til å køyra i 70 kilometer i timen.

«Statens vegvesen har teke imot innspel frå kommunar og private personar med ønskje om lågare fartsgrense på strekninga E39 frå Sandvikvåg til Rogaland fylkesgrense. Av denne grunn er det gjort ei ny vurdering av strekninga», skriv Olav Finne, avdelingsdirektør i Statens vegvesen som har sendt ut eit høyringsbrev på område der dei tilrår redusert fartsgrense.

— Strekninga forbi Ådland har ein uheldig statistikk, med åtte registrerte ulukker. Av desse er to dødsulukker og tre alvorlege ulukker. Eit høgt fartsnivå saman med ein vanskeleg horisontalkurve kan føra til farlege situasjonar, seier Finne.

Statens vegvesen ønskjer difor å skilta 60 kilometer i timen forbi brua, med tilrådd fartsgrense 50 kilometer i timen i nordgåande køyrefelt. Dei vil også skilta svingen med fareskilt «farleg sving».

Kor er Vegtilsynet?

2. april døde den svenske trailersjåføren Niklas Robert Carlsson (22) då vogntoget hans køyrde utfor E16 på eit kjent ulukkespunkt mellom Vinje og Voss.

I spørjetimen på Stortinget førre veke stilte stortingspolitikar Arne Sortevik spørsmål til samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) om korleis Statens vegvesen følgjer opp dei to siste dødsulukkene på E39 og E16. Han meiner for lite blir gjort trass i gjentekne ulukker på dei to stadene.

Han etterlyste også handling frå Vegtilsynet på Voss. Deira viktigaste arbeidsoppgåve er å føra tilsyn med Statens vegvesen og nettopp prioritera tilsynsverksemda der risikoen for ulukker er størst.

— Frp etterlyser eit meir aktivt Vegtilsyn. Dei bør rykka ut på konkrete ulukkespunkt og stilla krav. Blir ikkje tryggleiken betre, bør dei faktisk stenga vegen, seier stortingsrepresentanten.

Varslar tilsyn

Direktør Trude Tronerud Andersen i Vegtilsynet stadfestar ovanfor BT at dei vil prioritera tilsyn med vinterdrift, og at farlege tilhøve ved utsette vegstrekningar blir følgt opp. Dette har vore eit rungande krav frå norske lastebileigarar denne vinteren.

— Me skal no velja ut regionar som har fleire farlege strekningar. Om det blir berre dei som er ansvarlege for vegen over Stord, heile region vest eller fleire regionar er enno litt usikkert. Me må uansett varsla dei om tilsyn i forkant, seier Andersen.

Rutinar for vinterdrift, stikkprøver, intervju med ansvarlege og dokumentgjennomgang vil då stå i fokus, ifølgje Andersen.

— Me tek dette veldig alvorleg. Det er bra det er engasjement, og vi heng oss absolutt på argumentasjonen om at vinterdrifta må kontrollerast og følgjast opp, seier Andersen.