Tilgodelappen fekk han i Voss tingrett som omgjorde ein tre år gamal dom i Hardanger forhøyrsrett, frå 24 dagar i fengsel til 20 dagar på vilkår. Det vil seia at han slepp sona straffa dersom han held seg unna strafflagde handlingar i ei prøvetid på to år. Mannen har for lengst sona dei 24 dagane i Vestre Slidre fengsel i Valdres.

— Eg har mist trua på heile systemet. Prøver du å vera ærleg, vert du straffa. Dess meir innbrot og faenskap du steller til, dess mildare slepp du unna, seier mannen til Bergens Tidende.

— I min naivitet gjekk eg ut frå at rettsvesenet visste kva dei gjorde, og godtok det dei kom fram til. Men det viste seg å vera riv ruskande gale, seier han.

Etter ei runde med Gjenopptakingskommisjonen, fekk mannen omgjort dommen. Det springande punktet var at Hardanger forhøyrsrett hadde plussa på blodprøveresultatet med 0,1 promille for tida mellom bilkøyringa og blodprøven, som synte 0,48 promille. Dermed kom dei over den magiske streken på 0,5 promille, som gir vilkårslaus fengselsstraff, sidan mannen har ein promilledom frå før. Men slik påplussing skulle ikkje vore gjort, fordi rusen i dette tilfellet neppe var synkande.

— Grunnen til at eg tok kampen opp, var at Hardanger frådømte meg førarkortet for alltid, vedgår mannen.

No har Voss tingrett bestemt at han straks kan ta ny førarprøve og få «lappen» attende. Bruk av «tilgodelappen» på 24 fengselsdagar kan bli aktuelt i samband med mannen sin første promilledom. For fem år sidan vart han i tillegg til fengselsstraff dømt til å betala 30.000 kroner i bot, subsidiært 15 dagars fengsel. Mannen har ikkje hatt økonomisk evne til å betala heile bota, slik at den subsidiære straffa er aktuell, opplyser advokaten hans til Bergens Tidende.

– Er erstatning og oppreising for fengselsopphaldet også aktuelt?

— Her er det veldig uklar rettspraksis. Folk som blir frifunne etter gjenopptaking, har krav på erstatning. Frifinning var ikkje tema i denne saka, men feil promille, og derav fyljande straffereaksjon. Men faktum er at mannen har sona 24 dagar i fengsel fordi dommen var feil, seier advokat Øyvind Aakerøy.

Han avventar ein dom på Sørlandet som er like om hjørnet, og kan gje ein peikepinn.

Advokat Aakerøy er kritisk til at Voss tingrett har sett prøvetida for vilkårdommen to år framover. Han meiner at prøvetida for lengst er omme, sidan det er tre år sidan den feilaktige dommen fall i Hardanger.

— No har han på ein måte fått tilleggsstraff, påpeikar han.

Men den dømde er ikkje uroleg over prøvetida: - Eg har ikkje tenkt å gjera noko gale, seier han til Bergens Tidende.