Lova tillet ikkje at urettmessig soning i ei sak kan gje frikort til å gjera nye brotsverk eller misferder, opplyser politiadvokat Kjetil Kvalvik i Odda til bt.no.

— Tusseskap! Eg kan forstå at folk som feilaktig har sona drapsdom, ikkje kan ha eit drap til gode. Men her er det snakk om straff fordi eg ikkje har makta å betala gamle bøter, seier Sigbjørn Rafdal (38).

Heller erstatning

Politiet i Odda meiner at mannen må sona 21 dagar for manglande betaling av bøter, sjølv om han i ei anna sak har sona 24 dagar for mykje. Retten må avgjera om han skal ha erstatning for urettmessig fengselsopphald. 38-åringen var innkalla til å møta i Vestre Slidre Fengsel klokka 13 i går, men det gjorde han ikkje.

— Eg reiser ikkje! Politiet får koma og henta meg, sa mannen til Bt.no måndag. Men i går ombestemte han seg, «sidan politiet var så greie at dei ordna med bussbillett, og for å få saka ut av verda». Torsdag sette han seg på bussen. Men han jobbar hardt med å «hosta opp» 4000 kroner til å betala den minste bota, og dermed redusera fengselsopphaldet frå 21 til ni dagar.

Til gode

Det er ingen tvil om at mannen har 24 dagar fengselsstraff til gode av samfunnet. Han har sona ein promilledom frå 2002 i Hardanger forhøyrsett. Denne dommen vart i februar i år omgjort av Voss tingrett til fengsel på vilkår i 20 dagar, samstundes som bota vart redusert frå 20.000 til 8000 kroner. Voss tingrett vart på vetlejulaftan i fjor utpeika av lagmannsretten som ny rettsinstans då mannen fekk medhald i Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker.

Promillen var under 0,5 - ikkje hårfint over. Likevel vil samfunnet bura mannen inne att i 21 dagar fordi han ikkje har betalt gamle bøter.

— No er eg dritlei heile systemet. Sjølv om dei stryk bøtene, har eg sona tre dagar for mykje i fengsel, seier Rafdal.

— Har du fått noko forklaring?

— Ikkje til å få forstand av. Politiet seier at sakene ikkje må blandast saman. Men det er akkurat det dei gjer sjølve. Dei slår saman straffene frå dommar som har gått i min disfavør. Men så nektar dei å trekka frå saka som eg vann på Voss.

Kan få erstatning

— Difor skal du i fengsel ein gong til, og få erstatning etterpå?

— Ja, det er tydelegvis slik dei har tenkt det. Politiet har antyda at eg kan bruka erstatninga til å betala dei gamle bøtene med, men betalingsfristen gjekk ut onsdag, og det kan gå årevis før ei erstatningssak blir avgjort!

Ifylje soningsinnkallinga skuldar mannen Staten 44.500 kroner i bøter og gebyr. 24.500 kroner har forfalle forlengst, og subsidiær fengselsstraff er 21 dagar. I summane ovanfor er det ikkje gjort frådrag for reduksjonen på 12.000 kroner i Voss tingrett.

Av subsidiær fengselsstraff på 21 dagar skriv ni dagar seg hans første promilledom. Til no har han berre makta å betala knapt 11.000 av bota på 30.000 kroner. For restbeløpet på vel 19.900 kroner må han sitja ni dagar i fengsel.

12 dagar er subsidiær fengselsstraff for eit forelegg på 4000 kroner i ei trugsmålssak. Fengselsopphaldet kan med andre ord reduserast frå 21 til ni dagar ved ei innbetaling på 4000 kroner.

— Eit slikt beløp skal eg kanskje kunne hosta opp i ytterste naudsfall, men resten kan eg umogeleg makta, seier Rafdal, som meiner at han ikkje skuldar samfunnet ei einaste kroner. Han har for lengst sona alt, og vel så det.

- Må i fengsel

Politiadvokat Kjetil Kvalvik har studert paragrafar og konferert med kollegar utan å koma til anna resultat at mannen må i fengsel dersom han ikkje maktar å betala bøtene sine.

— Sakene kan ikkje blandast, seier han. Det einaste han kan gjera, er å ta opp spørsmålet med Voss tingrett om dei kan stryka bota på 8000 kroner (redusert frå 20.000) som han fekk då siste dommen vart omgjort.

— Denne bota høyrer til same saka som det vart sona fengselsstraff i, og må kunne vurderast, seier Kvalvik, men presiserer at det er retten som må avgjera. Politiet kan ikkje endra ein dom.

<b>BUSSBYTE PÅ VOSS:</b> Sigbjørn Rafdal sette seg i formiddag på bussen for å sona meir fengselstraff, sjølv om han har rikeleg til gode.
<b>UFORSTÅELEG SYSTEM:</b> - Rettssystemet er berre til å le av, seier Sigbjørn Rafdal.
ARNE HOFSETH