LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noStordLege og fysioterapeut, fotpleiar og kiropraktor. På alle desse områda har det vakse fram eit privat apparat på sida av det offentlege.— Men så langt finst det lite eller ingen ting av private sjukepleiartenester. Også her er det behov for eit supplement til det offentlege helsevesen, seier Sinikka Aurto. Vestlandsk satsing Den finske sjukepleiaren starta Bergen Privat Hjemmesykepleie alt for fem år sidan. Beste fotfestet for dei private sjukepleiartenestene har ho seinare fått i Oslo og Bærum, men no satsar Aurto på ny vestlandsk giv. Med nytt firmanamn. Målet er å etablera firmaet i fleire byar, med tilsette som kan trø til på kort varsel.- Basen blir på Stord, der det er kort veg til andre byar både sør og nord på Vestlandet. Målet er å kunna ta toppane og hjelpa folk der det offentlege ikkje strekk til, seier Sinikka Aurto.Ho ser gjerne for seg eit samarbeid med både kommune og fylke, og meiner at ein viss grad av konkurranse også på sjukepleiesektoren vil vera av det gode. Betre kvalitet - Det vil skjerpa aktørane både i det offentlege og det private slik at kvaliteten heile tida blir best muleg. Konkurranse er også med og hevar status på yrket, både når det gjeld løn og respekt for den fagutdanninga me har, seier Sinikka Aurto.Ho jobba som sekretær heime i Finland, men skifta til helsevesenet der ho har 20 års fartstid først som hjelpepleiar, seinare som sjukepleiar. Utferdstrang har ført henne til mange land, og sidan 1995 har ho budd her til lands. Varierte oppgåver Avlasting til familiar med alvorleg sjuke. Kortvarig hjelp for å få folk raskare tilbake til yrkeslivet etter sjukdom. Støtte til pårørande som treng hjelp til å koma seg på fote når eit familiemedlem døyr.Spekteret er vidt, og City Nurse tilbyr det meste innan sjukepleiartenester."Private, faglige sykepleiertjenester til mennesker som foretrekker private tjenester", skriv Sinikka Aurto på heimesida på internett.- Dagens unge har gjerne ikkje tid til å ta seg av familien på same måte som før, og vil betala for ein del tenester som gjer at den tida dei har saman blir kvalitetstid, seier Sinikka Aurto.