Har du eit barn som er fødd mellom 1998 og 2001, så kan du få gratis hus i tre månader i Bygstad i Gaular kommune.

– Vi vil lokke barnefamiliar til Bygstad og på den måten hindre at dei første klassestega på barneskulen vert slått saman, seier Terese Myklebust, formann i samarbeidsutvalet ved Bygstad skule, til Firda.

Neste års budsjettforslag viser at dei fire første klassetrinna skal slåast saman til to klassar. 1. og 2. klasse vil då ha 24 elevar. 3. og 4. klasse vil ha 23. Etter lova må det vere 25 elevar for at klassen skal kunne delast.

– Vi manglar eitt barn, og det skal vi få til, seier Myklebust.

Erik Njøsen i foreldreutvalet seier gimmicken kom i gang for å gje nye familiar ei drahjelp i startfasen.

– Vi har ny skule, barnehagedekning, store friluftsområde, men for få barn. Då må vi gjere vårt for å freiste folk til å kome hit, sei-er han.