Kommunane har frist til 15. juni med å svare. Men innan den tid kan det bli avklart om kommunen eller fylket kan få tilslaget til ein lågare pris. Eigedomen er på 58 mål og har 600 meter strandline.

Tilbodet vart sendt til kommunen i brev datert 15. mars. Men brevet har vore på vidvanke i kommunen og er først spora opp og kome til rett avdeling etter at Bergens Tidende etterlyste saka.

— Saka er nå oversendt til Grøn etat og vi vil fylgje opp, uttalar parksjef Sissel Lerum, til Bergens Tidende. Ho hadde inntil i går ikkje sett brevet frå Skifte Eiendom.

Kan opne for billigsal

— Kommunen har fått tilbod om å kjøpe til takst, eller marknadspris. Etter avhendingsinstruksen er det prinsippet om takst eller marknadspris som gjeld, seier prosjektleiar Øystein Kristoffersen i Skifte Eiendom Vest til Bergens Tidende.

Men leiaren i Forsvarskomiteen på Stortinget, Marit Nybakk (A), seier til Bergens Tidende at Stortinget vil kunne opne for sal til kommunar eller fylke til prisar under takst.

Regjeringa fekk gjennom eit stortingsvedtak 17. juni i fjor pålegg om å kome tilbake til Stortinget med ei liste over forsvarseigedomar som kan reknast som «særleg attraktive» for samfunnet. Eigedomane er omtala som «kystperler». Tanken er at dei skal sikrast for ålmenta.

50-60 eigedomar

Regjeringa har ennå ikkje kome med denne lista, men så vidt Nybakk er kjent med, omfattar ho 50-60 eigedomar. Nybakk seier at Stortinget nå orientert om at lista vil bli lagt fram som ein del av revidert nasjonalbudsjett 13. mai.

Nybakk er kritisk til at lista blir presentert på denne måten og ikkje som eiga sak.

Gjennom stortingsvedtaket i fjor fekk Regjeringa også pålegg om å klargjere retningslinene for sal for å ta vare på omsynet til allemannsretten, friluftsliv, lokale og regionale styresmakter.

Det var striden om det famøse salet av øyperla Østre Bolærne i Ytre Oslofjord til sekta Smiths Venner, som var bakgrunnen for stortingsvedtaket og pålegget i fjor.