Utan førarkort køyrte 20-åringen i fjor vår minst 112 km i timen i ei 60-sone på Stord, og let vera å stoppa for politiet som kom etter med blålys og sirener.

Politijakta ivar også innom eit bustadstrøk på Leirvik, og skjedde mindre enn ein månad etter at 20-åringen var dømt til fengselstraff for å ha køyrt i 140 km/t i ei 80-sone på Stord.

20-åringen nekta for at han tilbaud vitnet pengar, men retten trur ikkje på han. Han hevdar at andre må ha køyrt bilen hans medan han sjølv var på fotballkamp. I tillegg till fengselstraffa må han betala 4000 kroner i sakskostnader.