Ved dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra er det full støtte til forskar Thomas Nordahls utsegn i Bergens Tidende sist måndag om å la elevar med åtferdsvanskar bli verande i klassen og på skulen. Fleire kommunar har dei siste åra forsøkt å samle dei verste «bråkmakarane» i eigne undervisninsgmiljø, ofte i lokale utanfor skuleområdet. Men dei aller fleste kommunane som satsa på slike tiltak, har no gått bort frå det. Resultatet blei ikkje som venta.

Men samstundes understrekar fagmiljøet at det er naudsynt å endre organiseringa av skulen. Dagens skule er lite lærevennleg, både overfor «normale» elevar og dei med åtferds— og lærevanskar. Store klassemiljøet med fram mot 30 elevar, alle fødde same år, er langt frå å vere ein ideell læresituasjon.

Tilrådinga frå kvalitetsutvalet om å fjerne dagens klassesamansetjing og gå over til basisgrupper med 12 elevar, blir sett på som eit viktig innspel. Ikkje minst fordi utvalet også opnar for å drøfte aldersblanding innanfor basisgruppene. Dette vil gje langt større fleksibilitet i måten å organisere skulen på, og vil gje lærarane betre sjanse til å ta seg av og handtere elevar både med åtferds- og lærevanskar.

På mange måtar er prinsippa for den udelte og fådelte skulen no på veg inn i den fulldelte skulen. Det er ikkje gitt at elevar som tilfeldigvis er fødde same år, nødvendigvis dannar eit godt læremiljø.

— Den fådelte skulen har veldig mykje bra i seg. Det har nok tatt litt tid å sjå det, seier fleire fagfolk innan spesialpedagogikk som Bergens Tidende har vore i kontakt med.