• Sogn og Fjordane må igjen bli eitt ruteområde, når nye konsesjonar skal delast ut til flyselskapa frå våren 2003, meiner stortingsrepresentant Jorunn Ringstad (Sp).

Ringstad, som er førstekandidat ved stortingsvalet, meiner erfaringane med å dele opp flyplassane i Sogn og Fjordane i fleire ruteområde har gitt dårlegare rutetilbod.

— Det viktigaste er å tilpasse flytilbodet etter behovet. Det kan gjerast best om heile fylket vert sett under eitt, meiner stortingsrepresentanten.