Torsdag ettermiddag landa eit Atlantic-fly på Stord for å henta ei gruppe færøyske gjestearbeidarar ved Aker Stord.

Det er første gong selskapet landar på flyplassen sidan det mista eit tilsvarande fly av eldre modell som havarerte ved rullebanen 10. oktober 2006. Fire personar omkom i ulukka.

— Vi har teke høgde for at sterke kjensler er involvert, og brukte lang tid på å vurdera om dette var rett. Det var inga lett avgjerd å ta, seier charteransvarleg i Atlantic Airways, Pætur Rasmussen.

- Vekkjer minne

Rasmussen var med i jetflyet av typen BA 146 Avro-RJ 85 som torsdag landa utan passasjerar på Stord lufthamn Sørstokken.

Med tilbake til Færøyane var vel 40 elektrikarar som skal heim og nyta friperioden sin. Planen er at Atlantic skal flyga gjesterabeidarar frå Stord annakvar veke fram til desember.

— Til no har vi brukt Haugesund lufthavn, eller arbeidarane har nytta rutefly og reist omvegen om København, seier Pætur Rasmussen.

— Det vekkjer sjølvsagt minne om det som skjedde for tre år sidan, sa lufthamnsjef Jan Morten Myklebus idet Atlantic-flyet tok bakken på Stord torsdag.

— Men livet må gå vidare.

Ikkje fullt oppklart

Statens havarikommisjon for transport er i sluttfasen med den endelege rapporten etter flyulukka på Stord i 2006.

Ifølgje granskingsleiar Birger A. Bull har kommisjonen ikkje kome nærmare ei forklaring på ulukka enn det som blei offentleggjort i ein førebels rapport i fjor.

Årsaka til at BA 146-flyet køyrte utanfor rullebanen og tok fyr, er at dei såkalla liftspoilarane på vengene ikkje reagerte på pilotane sine signal og hjelpte til med oppbremsinga etter landing.

Kva som gjorde at spoilarane sin utløysingsmekanisme - hydraulisk drivne aktuatorar - ikkje reagerte på sine elektriske impulsar, er uvisst. Eit tilsvarande problem skal ha skjedd med eit fly av samme type i London, men utan fatalt utfall.

Bremser automatisk

Atlantic Airways har hovudbase på Vágar flyplass utanfor Torshavn. Flystripa der er kortare enn Stord lufthamn sin rullebane på 1460 meter.

Selskapet har i dag to fly i bruk av BA 146-typen som havarerte på Stord. Etterfølgjaren BA 146 Avro har liftspoilarar som automatisk slår seg ut ved landing.

Atlantic Airways innstilte all aktivitet på Stord lufhamn etter ulukka, og bytta til Haugesund som utgangspunkt for Aker Stords charterflyging av arbeidsfolk til og frå Snøhvit- og Ormen Lange-prosjekta i Hammerfest og Aukra. Aker har ingen avtale med Atlantic lenger.