KNUT AAREKOL

Eg lyfter vekk putene i akterkabinen som dekkjer vinkelgivaren. Den er ikkje ute av posisjon, altså er den defekt.

Etter ein del telefonar får eg tak i hovudkontoret for Simrad i Sverige. Dei opplyser at det er tomt for denne delen i Sverige. Den siste forsvann i går. Så til Simrad i Bergen. Dei tek kontakt med produsenten i Egersund som lovar å sende vinkelgivaren same dag. Den går som ekspressgods med DHL til Grebbestad.

Ein tidlegare kollega frå Nordsjøen bur der, og etter samtale med han, får eg bruka hans adresse som leveringsstad. Dette skjer på ein fredag, og om alt går som det skal, har eg delen på måndag.

Søkk borte

Slik går det ikkje. Via Internett sporar vi pakken til Malmø der den var klar frå tollen måndag klokka 13. Seinare er pakken søkk borte. Etter intens leiting med ei mengd telefonar, finn vi den på ein bil onsdag morgon.

Men før dette hende har vi gått kysten i Bohuslen. Her skreiv Evert Taube mange av visene sine. Elløs, Malø og Flatøen er namn på stader vi passerer og som vi finn igjen i visene. Været er vakkert, og kysten viser seg frå si beste side. Dei yttarste øyane og holmane er mest utan vegstasjon. Dei er blitt reinvaska av haust og vinterværet.

Det er ein enorm trafikk med fritidsbåtar av alle slag. Frå store kabinkryssarar og seglbåtar til den typiske bohuslenjolla.

Alle hamner er oppteken, og bak øyar og holmar ser ein mastetoppar frå båtar som ligg oppankra. Det synest som om opplæring i sjøveisreglar i Sverige er mangelfull. Vi er oppe i fleire situasjonar som viser dette. Med så tett trafikk må ein vera oppmerksam heile tida, og ikkje ta det for gitt at møtande eller kryssande trafi k k vik i samsvar med sjøveisreglane.

Sara reiser heim

Vi kjem omsider fram til Grebbestad sør for Strømstad. Der forlet Sara meg. Ho reiser heim til Fana for å sjå til hus og hage. Eg vert liggjande til onsdag morgon, då eg endeleg får tak i vinkelgivaren til autopiloten. Med denne på plass, går eg nord til Koster-øyane og set derifrå kursen direkte til Jomfruland utanfor Kragerø.

Det er sjølvsagt mogeleg å kryssa fjorden utan autopilot, men ein er då fastlåst til styrestolen i mange timar. Skal ein laga seg mat, eller gå på toalettet, må båten liggja stille, elles går han i ring. Når autopiloten virkar, er ein mykje friare.

Om kvelden er eg framme i Jomfruland og overnattar i gjestehamna. Sørlandskysten går unna i ein fart. Ei overnatting i Arendal, ei i Mandal og derifrå til Tananger i eit strekk.

Været er med meg. Laber til frisk bris frå aust som dreiar til søraust langs Jæren. Og sol frå skyfri himmel heile turen. Frå Tananger til Kopervik sigler eg. Det tek lengre tid, men eg har avtalt å møta Sara i Haugesund måndag, så eg har det ikkje travelt. Etter overnatting i Kopervik går eg til Haugesund. Sara kjem med Flaggruten frå Bergen saman med borneborna Sara og Gunnar.

Finn «Rævedilten»

Etter innkjøp av mat og diverse i Haugesund, ankrar vi i Mølstrevåg, der vi badar og kosar oss i det fine været. Gunnar finn igjen «Rævedilten» som vi har kalla gummibåten.

Det er meldt same været heile veka, så vi bestemmer oss for å ta det med ro og nyta naturen i Sunnhordland. «Borta kan duga, men hemma er best», seier Evert Taube i ei av visene sine. Det er sant. Det finst ikkje vakrare plass enn Sunnhordland når været er slik som no.

Vi er innom Lykkjelsøy, Husnes, Jektholmen i Hardangerfjorden og Godøysund før vi set kursen mot heimehamna, Rød i Fana.

Der fortøyer vi fredag 13. august. Det manglar ein dag på tre månader frå Oysan II forlet Rød for å starta på turen Skandinavia rundt. Litt merka av diverse møte med slusesider og kaiar, men elles i god form.

Takk for turen.

<b>BORTE BRA, MEN HEIME BEST: </b>I tre månader har Knut Aarekol tråkla seg gjennom Russland og Skandinavia rundt i heimesnikra båt. No er han tilbake til utgangspunktet - Rød i Fana. - Det har vore ein fantastisk oppleving, seier han nøgd. JAN M. LILLEBØ (foto)