Snakk om braksuksess i brakebuskane! No står einane ribba, nakne og døyande på eit utmarksbeite i Omvikdalen i Kvinnherad. Banesåret har dei fått av geiteflokken til bonde Tore Eik.

Snart skal dei firbeinte landskapspleiarane over på nye jaktmarker. Lauvskogen gror over på nabobonden sitt jorde. Nye delikatessar ventar.

— Eg skal halda geit og elektrisk gjerde - han beite, seier geiteentreprenør Tore Eik medan han lokkar med ei bøtte med noko godt i. Geitene kjem springande, men er ikkje like pågåande som dei tradisjonelle norske geitene kan vera.

— Den vanlege hobbygeita kan bli ekstremt utspekulert. Desse har greiare lynne og er lettare å ha med å gjera, fortel Eik.

Høg pris til ramadan

Geitebonden har 125 geiter på den mellomstore garden i Omvikdalen. Desse er no med på eit treårig prøveprosjekt i samarbeid med Universitetet for Miljø og Biovitenskap, Felleskjøpet og prosjekt Beitelandskap hos Fylkesmannen i Hordaland. Målet er å finna ut kor mykje folk er viljug til å betala for å få utsikten tilbake eller å få rydda attgrodd beitemark.

— Landskapet bør vera ein del av infrastrukturen til turistnæringa. Det har Norge råd til å betala for. Det vil også vera ei lønsam investering, meiner Lars Olav Eik, forskar ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap.

Då han først ville starta opp prosjektet, var det ingen som trudde på det.

— Difor måtte eg gå til broren min for å få gjennomført det, ler han.

Og Tore Eik satsar no alt for å lukkast. Kasjmirgeitene skal slaktast når prisen er venta å bli høgast - til ramadan.

Ser ikkje fjorden lenger

Ulla er også av den eksklusive sorten. Den mjuke underulla frå geitene blir nemleg spunne i Skottland og strikka til nummererte sjal hos Oleana AS på Espeland.

— Me blir ikkje rik av dette, men synest det er eit morosamt og interessant prosjekt som har mykje fornuft i seg, seier Signe Aarhus, ein av leiarane på Oleana AS. Dei har no laga to årgangar med 350 nummererte sjal. Eit sjal veg like mykje som ulla frå ei geit.

— Dette er eit veldig meiningsfult prosjekt. Me som bur på Vestlandet ser snart ikkje fjorden for buskar og kratt. Det er jo fjord og fjell me sel til turistane, seier Aarhus.

-Betre enn hogstmaskinar

Interessa for kasjmirgeit har auka kraftig dei tre siste åra, særleg på Vestlandet.

— Alle kje som blir født om våren blir til nye livdyr, medan hanndyra går til kjøtproduksjon, seier Ola Rygg, styreleiar i Norsk Kasjmirlag.

Han trur bønder kan bli ein viktig kundegruppe for geiteutleige. Dei ser problemet med attgroing av kulturlandskapet og kan søkja om SMIL-midlar til å betala for ryddejobben.

— Me har også tru på at reselivsverksemder som ser det gror att rundt attraksjonane deira kan bli viktige kundar. Også Statens Vegvesen og Jerbaneverket kan ha trong for å rydda vegkantar og jernbaneliner, seier Rygg.

I det bratte ulende terrenget i Omvikdalen har allereie kasjmirgeita teke gammalt beiteland attende. Frisk grønt gras veks under døyande brakekvistar.

— På sikt vil me kunne konkurrera mot hogstmaskinar, trur Lars Olav Eik.