Den nye ekspressheisen i Voss Fjellandsby vart offisielt opna av ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik fredag. I går var 650 personar med på ski— og snøbrettleiken i det flotte vintervêret; solskinn og akkurat nok snø til sesongopning, men heller ikkje meir.

Til saman gjorde dei nær 4000 turar, sjølv om heisen ei tid køyrde med tomme stolar.

— Innkøyringsproblem. Ikkje verre enn det som er vanleg med heilt nye heisar, seier dagleg leiar John Ivar Norheim.

— Stolane koplar seg frå wiren på nedre stasjon for å redusera farten ved påstiging. Når dei hektar seg på att, skal det vera ein viss avstand mellom stolane. Kjem dei utanfor slingringsmonnet, koplar automatikken inn naudstopp, forklarar Norheim.

Dette skjedde i går ettermiddag, og heisen måtte køyrast med tomme stolar til alle hadde vore innom stasjonen eit par gonger, og automatikken hadde retta opp floken.

— Kva gjer at heisen kjem i ulage?

— Sannsynlegvis har ein temmeleg tung person sett seg i «sofakroken» utan at andre har sytt for jamvekt. Det går greitt å sitja åleine i ein seksseter, men då bør du velja eit sete i midten, seier Norheim.

Heisen er ny for kundane også, og han ventar ikkje at alle får med seg alt som står på oppslaga, sjølv om rettleiingane er klare og greie.

I tillegg til den nye sekssetaren, var barneskitrekket i drift i går.

Prepareringsmaskinene jobba iherdig med løypene ved Kari Traa-trekket, og Norheim ventar å kunne opna dette trekket i dag.

arne hofseth