Fredag blir det folksamt i Skånevik Idrettshall. Det trur i alle fall Hans Olav Tungesvik. KrF-nestoren har organisert ei aksjonsgruppe for å hindre at Sparebanken Vest kuttar hardt i banktenestene i Skånevik frå neste veke. Fredag blir det folkemøte.

— Det finst knapt ein heim i Skånevik som ikkje er kundar i Sparebanken Vest. Vi hadde ikkje høyrt eit pip om desse planane før det låg eit brev i postkassen like før påske. Ingen dialog, berre eit reint diktat, seier Tungesvik.

Rekordresultat i fjor

Sparebanken Vest legg ned i alt 10 av dei 64 filialane på Vestlandet. 60 årsverk skal vekk. I Skånevik kuttar dei hardt i opningstidene.

Banken hadde rekordresultat i fjor, med 1,2 milliardar kroner i pluss før skatt. Bankleiinga viser til kraftig nedgang i bruken av skranketenester og skjerpa krav til eigenkapitalen når dei skal forklare nedskjeringane.

— Vi har stor forståing for at folk reagerer. Men vi må tilpasse oss framtida og eit endra bruksmønster blant kundane, seier adm.dir. Stein Klakegg i Sparebanken Vest.

- Dei skal tene på alt

Sparebanken Vest fjernar også fleire minibankar som dei meiner blir for lite brukt. På Osterøy blir det att berre ein, etter at Haus og Valestrand mista sine i førre veka.

spv 2xxcff.jpg

Aksjonsgruppa har nå planar om å dyngje ned Sparebanken Vest med protestpost. Tidlegare kjøpmann Petter Mikalsen likar ikkje forretningsmentaliteten.— Dei skal tene på absolutt alt. Eg dreiv møbelbutikk i 30 år. Det var ikkje alle varer eg tente pengar på, men eg førte dei likevel, som ein service. Den tankegangen er heilt borte, seier Mikalsen.

På Utne i Hardanger vart bankbygget tapetsert med protestplakatar i påska. «Stengt på grunn av ran» og «Påskekupp: Hardingbanken 30 sylvpengar» var blant meldingane på bankbygget som snart står tomt.

— Udemokratisk og urimeleg

I Skånevik kan dei 1000 innbyggjarane i dag gå i banken fem dagar i veka. Frå neste veke må dei møte fram mellom kl. 12 og 15 måndag om dei vil ha banktenester i skranken. Torsdag kan dei få rådgjeving, dei andre dagane blir filialen heilt stengt.

— Dette er udemokratisk, urimeleg og alt for radikalt. I år er det 150 år sidan Skånevik Sparebank blei oppretta, som seinare vart ein del av Sparebanken Vest. Det har alltid vore ein god distriktsbank, og så gjer dei dette, seier Tungesvik.

Han kjøper ikkje argumentet om at filialen blir for lite brukt.

— Eg er i banken nesten kvar veke, og har til gode å vere einaste kunde i lokala, seier Tungesvik. Han tykkjer særleg omsynet til eldre folk, som gjerne korkje brukar nettbank eller har betalingskort, burde få banken til å gå meir forsiktig fram.

— Sjølv brukar eg nettbank. Men eg likevel ofte ærend i banken. Det kan vera pengar frå ein basar som skal inn på konto, eller at eg treng råd, seier den tidlegare stortingsrepresentanten.

Sender folk til Skånevik

Han hadde håpa at administrerande direktør Stein Klakegg personleg skulle møte fram for å svare på folkemøtet fredag. Det skjer ikkje.

— Eg er diverre på reise. Men vi kjem til å sende folk frå leiinga. Og vi vil strekkje oss langt for å finne gode løysingar for dei som blir råka av endringane, seier Klakegg.

Å få banken til å snu, blir truleg vanskeleg. Styret har alt gjort det nødvendige vedtaket. Siste håp er representantskapet, som møtest 24. april.