— Vi slepp i alle fall å vaske oss, seier Magnus Kolstad Forland (9) på Grimstadholmen i Ytrebygda.

Då foreldra kom heim frå fest natt til laurdag var der ikkje ein drope vatn til tannpussen.

Kjetil Forland brukte natta til å prøve å få vatnet til å renne.

— Klokka sju om morgonen gav eg opp. Eg klarte ikkje å halde meg vaken lenger, fortel Forland.

Tomt for sjølvhjelp

Etter eit par timars søvn prøvde han å få fatt i rørleggjar. Han prøvde fleire, men ingen kunne seie når dei kunne kome. Då drog Forland drog Clas Ohlson etter varmekabel og rørisolasjon, for å halde fram med forsøket. Hylla var tom. Også hos Biltema var det heilt utseld.

Hos familien Kolstad Forland står bøtter med snø til tining på badegolvet, men det går sakte og blir lite vatn av. Det har brørne Magnus og Erling erfart.

Det er raskare å springe over til naboen som dei deler brønn med. Så får dei også sjekka stoda der.

— Ja, vi har vatn! Og så lenge vi har, skal de få vatn hos oss, seier nabo Laila Grimsøy, og går inn for å fylle tomgodset.

Vi har hatt burettslag med 70 meter lange isproppar

BENGT REBNORD OLSEN, VITEK

Fire dagar å vente

Fire dagars ventetid på tining av frosne rør. Det var beskjeden folk fekk, som ringde Vitek for assistanse i går.

— Det begynte i nyttårshelga med 10–15 oppdrag om tining av frosne rør kvar dag. Sidan auka det jamt til det eksploderte på fredag, fortel Bengt Rebnord Olsen, som har vakt i helga.

— Fredag fraus for eksempel slukane under ferskvaredisken på OBS! Sartor, fortel Rebnord Olsen.

— I 90 prosent av tilfella hos private har det frose ved hovudinntaket og fram til innvendig stoppekran. Men vi har og hatt burettslag med 70 meter lange isproppar i vassleidningar til burettslag. Då kan oppdraget ta dagar.

Snart kjem vasskadane

I følgje vakthavande har telefonen hos Vitek ringt nesten kontinuerleg dei siste dagane.

— Det er slett ikkje alle rørleggjarar som har utstyr til å tine rør. Dei heldigaste som ringde oss i går fekk avtale om hjelp førstkomande onsdag, seier Bengt Rebnord Olsen.

Han reknar med at rørleggjarane får mykje å gjere, også når kuldeperioden er over.

— Det er då vasskadane kjem, seier han.

Også rørleggjarfirmaet O. Mørner på Laksevåg har jobba på spreng dei siste vekene. I går var 8 av 10 mann i kontinuerleg arbeid. Firmaet må prioritere dei som ikkje har vatn i det heile, og folk flest må vente til ut i veka.

Full bøtte

På Grimstadholmen har Erling og Magnus fått bøtta full i vann.

— Vi slit ikkje så mykje med dette, vi to, seier Erling.

Veslebroren er kanskje ikkje heilt samd.

— Det er jo vi som må springe rundt til naboane og hente, då. Sånn som det er når vi må låne mjølk.

Brørne takkar pent og tar bøtta mellom seg.

— Håpar det ikkje frys på veg heim, seier Erling.