– Til minne om Enkjeheimen og formødrene våre, sa Ågot Himle som heldt appell og las opp SMS frå miljøvernminister Erik Solheim, som sa seg lei for at han ikkje kunne gripa inn mot rivinga.

Også professor Ole Didrik Lærum heldt appell.

Saman med Ivar B. Løne lenka Ågot Hilme seg fast i veggen på Enkjeheimen då huset skulle rivast tidlegare i haust. Politiet måtte fjerna dei med makt før rivinga tok til.

Huset er frå 1900, men institusjonen Voss Enkjeheim har fleire hundre års soge, blant dei eldste i sitt slag i landet.

Kva bør gjerast med dei gamle husa på Vangen? Sei di meining i kommentarfeltet under:

Ågolt Himle (til h.) og Guri Bonsaksen. ALLE FOTO: ARNE HOFSETH