18-åringen er ganske privilegert: Han har nemleg to verdsmeistrar som trenarar på heimebane i Hålandsdalen: Egil Gjelland og Raphael Poiree. Førstnemnde er med til skiskyttermekka i Ruhpolding, der Sondre Eide og treningskamerat Thomas Fenne fra Voss skal delta i junior-VM.

— Eg er jo utruleg heldig som har slike meritterte og dyktige trenarar. Det er dei å takka at eg har klart å kvalifisera meg til VM, meiner Eide.

Han gler seg stort til det som skal skje i veka som kjem.

Førstereisgut

Han har aldri konkurrert utanlands før, og difor er han svært takksam for at personleg trenar Egil Gjelland er med.

— Det er kjempefint å ha med ein som har så god peiling. Han har jo vunne både VM- og OL-gull i stafett, seier 18-åringen, som har Liv Grete Poiree som sitt store førebilete.

Som skiskyttar frå Hålandsdalen har han litt å leva opp til.

— Kva forventningar har du?

— Eg er veldig usikker på nivået. Eg har trass alt berre gått noregscup før. Men det har gått veldig bra etter jul, og dersom eg får full klaff håpar eg på ein plass blant dei ti beste, svarer Eide.

Utslått av sjukdom

Han har vunne to av dei tre løpa i noregscupen etter nyttår, og leiar samanlagt framfor Thomas Fenne. Men vossingen har vore sjuk i dagane før VM-starten, og det er usikkert om han kan stilla til start i dag. Begge Hordalands-løparane er tatt ut til å gå fire løp; sprint, jaktstart, normalprogram og stafetten.

Thomas har og litt å slekta på: Han er son til Gisle Fenne, som tok VM-sølv i 1989, bak vossekollega Eirik Kvalfoss.

— Dei er flotte talent, det er det ingen tvil om. Og det er så klart kjekt at vi får fram nye gode løparar frå Voss og Hålandsdalen, seier Egil Gjelland.

Han er usikker på kor høgt dei kan nå i VM, i og med at begge er debutantar og ikkje har konkurrert internasjonalt tidlegare.

— Det blir spennande å sjå, og så får vi håpa at Thomas greier å rista sjukdomen av seg rimeleg kjapt, svarer Gjelland.