– Det går ikkje oppover, seier Ola Solemsli, som mellom anna kan tilby suite i ein flunkande ny Airbus, ein veg frå Bergen til Singapore, til 12700 kroner.

Han han har tatt turen over den raude løparen, inn og nedover, til det underjordiske parkeringshuset ved Grieghallen, som i helga er omgjort til luksusmesse

– Men det er ikkje krise, understrekar representanten frå Singapore Airlines, som før helga rapporterte sitt største fall i talet på passasjer på fem år.

Kanskje er det ein strek i rekninga at «DAF, last og buss Vest A/S» har heist ein stor plakat opp i krana – at lastebileigarane sitt landsforbund tilfeldigvis avviklar sitt landsmøte like ved og har parkert 15–20 grove doningar ved dei dyre bilane, båtane og helikopteret av typen som er kjekt å ha når du skal hente ungane i barnehagen.

Money for nothing

Kanskje er det ikkje strekar i rekninga i det heile tatt.

Kanskje har ikkje rekninga kome enno.

– Kva slags klokke er det?

– JWC.

– Kva kostar den?

– Sytti. Og den æ' ikkje lånt!

Gløym Snåsamannen. Gløym alt som er vondt i verda.

Møt Kvinesdalmannen.

Mannen som med dyre sko, midt i den djupaste depresjonen sidan strilekrigen, sender eit velretta ballespark i retning Steinar Lem og andre humørlause gledesdreparar. Møt Einar Haugland, som ikkje er kristen, men likevel frå Kvinesdal, og no på plass i Vestlandets hovudstad.

– For det første er eg ikkje blakk, for den andre et eg ikkje hos Kirkens Bymisjon fordi eg må, poengterer mannen som er påfallande mange stader på ein gong, over og under jorda, medan han løftar mobilen opp til øyret og ned igjen som ein jo-jo.

– Er det ikkje krise?

– Ikkje no.

Kvinesdalmannen dementerer kontant oppslaget i BA som framstilte fyren som fattig. Han leverer frå seg ein sveitsisk sjokolade med påskrifta Luxury Living og blir borte.

Chicks for free

Det er berre å gi seg over, bli ønskt velkommen av unge kvinner som gir ny næring til debatten om skjørtekanten går opp eller ned i nedgangstider, og nyte. Nyte slik hundrevis av andre betaler 250 kroner («kun kontant») for å gjere i helga.

Nyte vatn frå Voss (som ikkje er frå Voss) på vakre flasker, nyte persiske teppe, Fokus Bank, Rolex, rifler, Mercedes, fotballsko, champangne, Norflis AS og Odd Nedrums dystre trykk av naken kvinne som sit på ei seng rett ved Bentleys blanke Continental GT Coupe til 3.8 millionar.

Bilalarmen går. Elton John, i alle fall så nært opptil som det går an å kome, spelar opp på det digitale flygelet.

It's a little bit funny.

Det er berre å nyte draumen om å få liggje i «sannsynligvis verdens best bygde massasjebad» og lytte til lyden av «verdens minste espressomaskin» medan du vurderer om du skal ta Bentleyen eller Mercedesen til Flesland og turen til Maldivane.

Maldivane, der presidenten nyleg tok til orde for å spare til nytt land, noko innbyggjarane får bruk for når havet sluker sydhavsparadiset som følgje av at havet stig, som følgje av, ja, som følgje av eitt eller anna.

That ain't working

— Vi tar ikkje sorgene på forskot, seier Liv Tandstad Lindblad frå Maldiveneeksperten i Skandinavia.

– Vasstanden der har ikkje vore nøyaktig målt, dette er jo 20–30 år fram i tid. Vi prøver å støtte miljøet, forsikrar ho.

Paolo Maldini, han som var kaptein på Italia og i Milano og fotomodell på si, tar ballen på hælen og legg ut på eit herleg løp.

– Ser det fint ut? spør Bjørn K. Knudsen som står på for eit selskap som leverer alt til heimekinoen. Han peikar på ein av truleg 150 flatskjermar som har fått plass i det luksuriøse parkeringshuset. Denne er spesiell.

– Denne er verdas tynnaste. Seks millimeter.

– Du kan køyre ein Van Gogh om du vil på denne, seier Knudsen, det er berre å setje i ein stick.

Det er berre å nyte.

Don't Let the Sun Go Down on Me, syng «Elton John».

– Media har jo kanskje gjort det litt verre enn det eigentleg er, då, men litt realisme er no bra anyway, seier ein mann med bergensdialekt og frakk og briller som han ikkje har kjøpt på salg.

Tilhøyraren, som mellom anna kan tilby ei norsk tutekanne frå 1700-talet til 38000 kroner, nikkar.

That's the way you do it

Hummaren (skaldyr) ser betenkt ut i det tronge akvariet. Franske ostar slepp ut lukter som lett kan leve opp til heilt andre assosiasjonar enn luksus.

Men luksus «hva er det?», som Kvinesdalmannen og kompanjongen hans spør i eit intervju i messeavisa.

Plutseleg er han der igjen. Han blir borte, og så kjem han tilbake med åtte menn i kilt som tolkar Nystemten med sekkepiper.

Ein prosent av messeinntektene skal gå til eit godt formål, demokratisk stemt fram av forbrukarane.

Luxury Living opnar igjen til kyrkjetid i dag.

Fine ting, dyre ting, litt mindre dyre ting og veldig dyre ting. I staden for å lese om nedgangen på børsen valde mange å gasse seg i luksus på årets så langt mest usannsynlege satsing: Luxury Living, den første verkelege luksusmessa i Bergen. Linda Baisotti konsentrerer seg om vesker.
Eirik Brekke
Sandra Torsheim og Cato Helgensen får champagne av Vidar Skistad.
Eirik Brekke
Joakim Bjerke ser på klokker.
Eirik Brekke
– Det er ikkje krise. Ikkje no, seier gründer Einar Haugland.
Eirik Brekke